Dannelsesreise i alpene 2017- Ein følgjetong i mange delar. Episode fire

Som eg skreiv heeeiilt på slutten av forrige episode, var eg oppe i femtida og resirkulerte litt av ølet jeg fikk i meg kvelden før. Når eg kikka ut or vindauga var sola så vidt på veg opp på de øvste toppane i vest, og himmelen var bleikt blå, slik den er ved morgongry på ein godværsdag .

Men eg kjende at eg var ikkje heilt ferdig med å sova riktig endå, så eg kraup attende under dyna, og blei der ein time og tre til.

Kjøreruta vart diskutert kvelden i førevegen, og den planlagde maratondagen med 40+ mil vakte ikkje nevneverdig åtgaum hjå den kvinnelige delen av reisefølget.

Så til frukost brukte eg tida til å lage ein revisjon i MyRouteApp’en, og syns sjølv at dette måtte vera gode greier, både for gutane i front og jentene bakpå.

Om lag 27 mil, og istaden for å overnatte i ein sval og mild fjelldal oppi Sveits, skulle vi no til varmen langs ein av dei italienske innsjøane.

Eg la fram forslaget mitt, og advarte om varmare tider, men dette var ingen problem meinte de to varmesøkande av oss.

Men då er det greit, eg leita fram eit hotell som låg strategisk til langsmed ruta, eller rettare sagt i enden dagens rute, og i starten på morgondagens eventyr.

Booking.com spelte på lag, og for ca to timeløner kunne vi sove godt, også komande natt.

Vi åt oss ferdig, (og jaudå,  denne plankeseglarkaren (husverten, tidligere omtalt som «surfedude») som dreiv denne gjestestova hadde sett fram Nutellaboksen) og pakka på syklane.

Så før klokka var halv ni, var vi klare til å betale, og då fortsatte forviklingane.

Denne spilloppmakaren hadde ikkje slik kortterminal som vi er så glad i, og ikkje hadde vi nok kontantar heller, han skulle ha 300 CHF for overnatting, middag, øl, og frukost.

Dermed kjende eg at blodtrykket steig raskt til nye høgder, for eg kom raskt fram til den einaste løysinga. Og det var DEN tidlige avreisa….

Vi sette jentene i «pant», lessa av koffertar og bagasje, sikra at lommeboka vart med, og heiv oss på syklane og sette desse i «offroad» før vi gav gass nedover mot Davos. Det tok ikkje lange tida før eg kjende at gasshåndtaket kanskje ikkje var det rette å bruka mest, så eg lot heller bakbremsen gjera jobben med å ivareta sikkerheita.

Stian derimot, som er så ung, og ikkje har betre vet, forsvann så søla spruta frå Trunkenpolz’en sin.

Regnet som kom kvelden før hadde ikkje nett turka opp iløpet av natta, så den jorddekte vegen var ganske glatt og sleip.

Nede ved gamleheimen stod ungdomen og venta, og saman køyrde vi i overkant friskt til utkanten av Davos der vi fann ein slik pengemaskin.

Vi tok ut 160 CHF kvar, og returnerte mot gamleheimen og grusvegen vidare derifrå..

Irritert som eg var, gjekk det ikkje nett seint oppigjennom lia, og hadde representantar for loven vore ute på morgonpatrulje ville vi nok vorte behandla som sjølvaste antikrist.

Oppover grusvegen går det unna på ein litt annan måte enn kvelden før, då vi kom med full opppakning og passasjerar.

Men omsider får vi betalt kontant (slik ein røyleggjar likar best), hekta på sidevesker og toppboksane,

rigga passasjerane på plass (til tross for at den eine helst ville GÅ nedatt til asfalten) og så var vi gong med 6.etappe, på veg mot Italia.

Det startar med eit litt kjedelig strekk austover frå Davos, nedover ein dal mot Filisur.

Morgonlyset er fortsatt med oss, til tross for den timelange heftelsen oppe på gjestestova vi overnatta på.

Vi køyrde her sist gong vi var på tur, og eg hugsar endå korleis morgonsola strålte over landsbyen Schmitten, det var så vakkert og typisk Sveits, at en beint fram fekk hug etter ein Toblerone med det same.

Dengong vart det ikkje teke noko bilete der, for vi hadde nettopp stått i ein lang kø, og hadde alle bilane bak oss.

Dessutan køyrde eg i konstant frykt, for eg visste at om det vart ein stopp, ville syskjenbarnet til Lucky Luke lynraskt fyre opp ein sigarett igjen…

Jaudå, eg snakkar sjølvsagt om min ytterst gode og kjære ven, Sir Roald. Men særs internt, går han under alias’et «Lucky Strike»,  altså mannen som kan tenne ein sigg og innhalere raskere enn sin egen skygge.

Og ære være han for slike superkrefter, men for ein særs utålmodig sjel som meg, kan det nokon gonger føra til rekordnoteringar på blodtrykket…

Så ja, sist gong køyrde vi forbi, men ikkje i dag… Kirka ligg på same staden, morgonsola skin, og eg får tatt dei bileta eg vil. Og alle er einge om dette er «such an Instagram moment», og dei av dykk som føl meg på Insta har nok sett dette bilete før.

Og for dei som IKKJE føl meg (enda) kan leikande lett byrja med det, om dykk berre leiter opp «olemann456»

Det var dagens eigenreklame, over til det meir seriøse igjen.

Etter nokre få kilometer, men ganske mange svingar, tar vi til venstre i eit kryss, og køyrer mot byen Filisur. Vi passerer ein golfbane, og på intercom’en sender Stian og eg ein felles tanke til vår kjære Thomas som er blitt slik ein Golfplayer.

Etter Filisur byrjar dagens første høgdepunkt, nemlig stigninga opp mot Albula pass. Og været er fortsatt like flott som sist gong vi drog forbi her, svingane er dei same, utsikten likeeins, og eg kan skrive mange og lange setningar om kor flott det er, men nyttar heller høvet til å gje deg ei klar melding…. :

Pakk sykkelen (eller bilen, om du likar det betre) og KOM DEG UT på tur. Alle fortenar (minst) ein roadtrip i alpene i løpet av livet.

Vegen oppover til Albula er ein triveleg historie, dels fordi den har mengder med flotte svingar, men også fordi det er ei mengd med jernbanespor rundt, over og langsmed vegen oppover her. Og det er ikkje infrastruktur av nyare dato vi snakkar om, dette er flotte, sjølvberande kvelvingsbruer av ein karakter som grensar til brukskunst.

Og når du har køyrd forbi desse små underverka av presisjonsmurverk, så kjem du til Perlenes Perle i Sveits.

Innsjøen ved namn Palpuognasee (på tysk) og Lai de Palpuogna på retroromansk, som jo er eit offisielt språk i Sveits.

Denne vesle innsjøen er faktisk kåra til «den vakraste staden i Sveits» i 2007. Og dei som har vore litt rundt omkring i Tobleronelandet, veit at her er det ein god del vakre stader å velgje mellom

Her burde ein ha stoppa og hatt ein lengre pikknikk nede ved vatnet, men i dag, så køyrer vi forbi. Uvisst av kva grunn eigentleg, for spesielt travelt har vi det jo ikkje, om vi ser bort frå «morraturen» til Stian om meg, som hefta oss ein time.  Så denne vegbiten må nok vera med, også neste gang eg køyrer i alpene.

Det blir sjølvsagt nydeleg vær då også, for det har eg tinga allereie no.

Lengre oppover dalen klatrar StorTigeren og Trunkenpolzen opp over tregrensa, og det synast eg er like herleg kvar gong, og brått er vi framme ved Hospitzet, eller restauranten der.

Tid for å fukte strupen med noko godt, og medan vi held på med det, kjem fleire kyr med bjelleklang for å sjå på oss. Kyr er stort alltid både selskapssjuke og nyfikne.

Dei vert ivrig fotografert, no hadde vi jo NRF storfe på Heimdal i gamle dagar, men likavel må utomlandske kyr fotograferast  som om det var første gong vi såg slike kreatur.

Den eine kyra har likevel litt ekstra sans for det estetiske, og steller seg opp som om ho verkeleg meiner at «sjå her, ta eit bilete av meg då vel»

Noko vi sjølvsagt gjør, og vi er særs nøgd etterpå. Bønder på tur liksom.

Men vi må vidare, men først må Anne handla sitt obligatoriske klistremerke i suvenirbutikken, og Stian lyt ned på kne ein tur

(Mette syns forresten Stian er SÅ skjønn når han sitter sånn med det eine kneet i bakken… lurar på kvifor??)

Så salar vi opp og drar avgårde nedover dalen med St.Moritz som delmål, der damene (i alle fall den eine) har lyst på shopping,

«for der har de sikkert noen fine vesker og sånn»

«Du har ikkje heller lyst på eit lommetørkle då?» spør eg.

«Ka då, trur ikkje Louis Vuitton har lommetørkler…og ka skal eg med det? Eg er ikkje forkjøla!»

«Nei, men et lommetørkle er det einaste du får plass til i bagasjen.. det er bare det»

«F…n ………… då kan det bare væra med heila greio»

Fornøgd smiler eg breidt og stort inni hjelmen min, og passar på at det knalltøffe, ugjennomsiktige visiret mitt er lukka, for eg er sikker på at smilet mitt skin som sjølve sola…. Og det ville nok blitt lagt merke til i speglane på sykkelen.

Så etter at vi kjørt rett fram, rett fram og meir rett fram i ein lang dal, passerer vi etterkvart St.Moritz.

Dette er ein sosseplass av dimensjonar, og når ein ser på bygningane langs vegen, og dei gamle slotta på åsane rundt om, er det tydeleg at her har det vore rikfolk på tur i mange, mange generasjonar.

Bildet her har eg lånt på Google, men vi køyrde forbi her

Men det er ikkje så rart eigentlig, for det er knakande flott her, med turkisblå innsjøar, der det i dag myldrar av aktivitet, både seglbåtar (kva er poenget med ein 35fots seglbåt på ein såpass liten innsjø?) seglbrett og kiterar kosar seg stort i den friske vinden. Men sola skin som om ho får betalt for det, og det er akkurat passe varmt.

Tidvis ser vi det er skilta mot Julierpass, og det er også på lista over stader eg har tenkt å slite gummi neste gong eg er på tur.

Vi stoggar på ein rasteplass med litt utsikt, og strekker på beina og skinkene… og dei unge elskande nyttar straks høvet til å klenga litt, også når dei ikkje sitt på sykkelen

Vi nærmar oss Malojapass, dette «lurepasset» når ein kjem i den retninga vi gjør i dag. Første gangen eg køyrde her, sat eg og kikka opp i fjellsidene og lurte på kor i all verda dette passet var.

Men vi skal ikkje opp, vi skal ned…

I ei mengde spektakulære hårnåler slynger vegen seg som klissete spagetti nedover fjellsida. Det er vanskeleg å få tatt noko godt bilete langs vegen, så eg tyr atter ein gong til Google, så dei vyrde lesarane kan få eit inntrykk av korleis vi tilbringer dagane på tur.

Etter at Malojapass er unnagjort, er det eigentleg ikkje så spennande på veg nedover mot Chiavenna, der vi skal ta til høgre i første rundkøyring, og ta fatt på vegen mot Splugenpass.

Og etter denne rundkøyringa byrjar vegen umiddelbart å stiga oppover. Og om ikkje vegen i seg sjølv er så underhaldande det første stykket, så lyt ein løfte blikket, og studera alle dei underlege landsbyane oppi fjellsida. Det er kirkespir over alt oppi dei bratte,skogkledde fjellsidene, dei var ivrige, dei gamle katolikkane.

Etterkvart slyngar vegen seg oppover dei stadig brattare fjell og åssidene, og når det blir skikkelig bratt og luftig vaknar «baksetet» til liv igjen, det har vore rett så stille og fredelig ei stund, men no er ho i gang igjen.

«Du har ikkje tenkt å stoppa å ta bilde, sant? Det er ikkje noe fint her uansett»

«Jo her skulle eg gjerne tatt nokre bileter» svarar eg, mens eg lar sykkelen gli sakte over mot den ikkje så svært høge murkanten.

«STOOOPP for faen, eg hopper av i fart!!»

«Javel, men hopp for all del av på høgre sida!» svarar eg, mens eg leiter fram kameraet, og stjel eit bilete, mens passasjeren tel ned til å hoppe av.

Ho kom aldri så langt før vi var i gang att, så vi snirklar oss oppover til landsbyen Pianazzo. Her ser eg det er eit slags utkikkspunkt ute på stupet, så vi tar oss en liten pause slik at eg kan få tatt ein kikk.

Dessverre var det ikkje så mykje å sjå, men damene er nøgde med å få stige av syklane litt.

Anne er særs fornøgd, for ho trur vi er ferdig med passet, og smiler breitt. Det skjærer meg i hjarta å fortelja at «Nei, vi er snart halvvegs mot toppen, det er langt opp endå.»

Men etter ei stund får ho att taleevnen (og eg som håpa det kunne bli litt stilt bakpå der) og uttrykker sin bekymring for at vi aldri kjem fram til Italia, badebasseng, kald øl og alt som er godt.

Men eg lovar at vi snart skal ta ein pause, og eta litt mat oppi ein landsby nærmare sjølve passet.

Dette løftar stemninga monaleg, både hos damene og Stian. Vi dreg avgårde med vatn i munnen, og plutseleg er det heilt greit med meir lettsindig omgang med gassrulla og meir generøse nedlegg i svingane (som det sjølvsagt er plenty av)

Jo høgare vi kjem, jo meir bergtatt blir ein av natur, og korleis folk har klamra seg fast oppi her. Vi passerar demningen ved Lago de MonteSpluga, og susar rett til landsbyen ved same namn.

Igjen velger vi same restaurant som sist eg var her, den var veldig bra, så det er greit for meg, og dei andre er her uansett for første gang.

Menyen er kun på italiensk og tysk, og som den einaste i følget som skjønar litt tysk, flirar eg litt inni meg når dei andre bestillar noko dei sikkert trur er godt.

Eg er meir konservativ, og bestiller ravioli. Meinar å hugse at Thomas var nøgd med den sist vi var her.

Sjokket er stort når serveringdama kjem med grøn pasta med noko som liknar kjøt innimellom.

Veit ikkje heilt om dei andre likte det dei fikk, men raviolien min var aldeles storvegs, og eg slafsar og kosar meg verre. Heldigvis var det nokre brødskiver til overs, så eg får med meg ALL sausen, og er ganske så nøgd når eg lener meg tilbake, og lurer på om vi trenger dessert. Dette blir raskt avkrefta, så eg reknar med dei andre var mette, dei også.

Istaden for dessert kastar eg meg på sykkelen for å kjøre og ta eitpar bileter eg ikkje fikk tatt på veg opp.

Dette er raskt gjort, og snart etter er vi på vei oppover sjølve Splugenpass.

Dette kan kort og greit oppsumerast i tre ord:

Svingar, svingar og fleire svingar . For mye av det gode er herleg, blir det påstått frå dei som kan slikt, og nett i denne stunda, var eg heilt einig

Over toppen, og plutseleg er vi atter i Sveits. Vegen nedover mot Splugen er nok ein slik spagetti-liknande historie,

men her er det ikkje mykje føringskantar eller autovern, så baksetet gjer grei melding om å kjøra forsiktig, og holde oss mest mulig inn mot terrenget. Så når eg stoppar for å knipse litt, kjem det lynsraskt frå baksetet «åfyfaenihellevette kjør herfra nooo»

Eg truar med å slå av intercom’en, og passasjeren truar med å gå ned.

Men vi kjem oss ned frå Splugenpasset utan håndgemeng, og nede i dalen svinger vi venstre og tar ein gjestevisitt på motorvegen oppover mot San Bernardinopasset. Baksetet er fornøyd og trur nok vi snart er framme, og at det ikkje er fleire pass igjen.

Men ho tok feil. Vi skal opp, og over det det minste av St.Bernardspassene, og her er det OGSÅ mengder med hårnåler oppover. Desse er dessutan av den «trange» Z-typen, (men likavel langt betre enn dei oppover på Stelvio) så tempoet er ikkje så svært høgt, men flyten i køyringa er likevel sånn nokonlunde.

Utsikten tilbake der vi kom frå:

Over toppen breier utsikten seg utover den store dalen, nedover mot Italia.

Vi cruisar nedover til vegkrysset der den gamle vegen over passet (som vi har kjørt) møter den nye som går i tunnell.

Vi tar ein is/brus pause på ein bensinstasjon der, og diskuterer om vi skal fortsette på gamlevegen nedover, eller om vi skal spare inn litt tid på veg mot badebassenget og baren som ventar der nede ein plass. Egentlig har eg skikkelig tresmak i rumpa, og klarer å formulere meg silk at dei andre er einige utan at dei skjønner kva som skjer.

Så vi legg ut på nye vegen nedover, og sjølv om den er både brei og flott, er den rett så kjekk å køyre. Noko av grunnen er nok at utsikten utover dalen er kjempeflott, og alle dei flotte bruene som er bygd for å gjøra vegen flott og lettkøyrd for bilistar og trailerar, er ingenting anna enn imponerande.

Etterkvart kjem vi ned i låglandet, og køyrer forbi flotte borger, slott, og ruiner av ymse slag, på nesten kvar haug og åsrygg nedover. Her har det budd pengefolk i gamal tid, som har vore redd for eigendelene sine.

Men etterkvart som høgden over havet synker, går temperaturen i motsatt retning.. det blir varmare og varmare og når vi byrjar med køkjøring og stilleståing gjennom tettbebyggelsen i nordenden av innsjøen Lago Maggiore, blir det i overkant.

Sjøl for Mette… ho var litt frosten i høyden før på dagen, men no MÅ boblejakka av. Og det lyt skje fort… Stian styrer målbevisst Trunkenpolz’en rett opp på fortauskanten, og frøkna på baksetet får den særs etterlengta lettelsen i antrekket som ho lengta etter. Men eg skal ikkje underslå at det var ein og annan av dei som kjørte/sykla/gjekk forbi som letta på augebryna når ho vrengte av seg kjørejakka og hadde ei slik tynn dunjakke under.

Då er det greit å veta at vi nok aldri kjem til å sjå dei igjen, og kort etter er vi på veg igjen. Etter eindel saktekøyring mellom rekkene av stilleståande trafikk, kjem vi inn på ein veg som går forbi Locarno, og vidare sørover langs innsjøen.

Og det må seiast… her er det flott, skikkelig flott. Hit skal eg absolutt tilbake til eingong, det er så mange vegar rundt omkring i åsane her som ser skikkelig svingete og artige ut.

Straks etter Locarno går vegen inn i ein tunnell, som vi sidan døypte «bakar-omnen» Som om det ikkje var varmt nok på utsida, må det være rundt 40 grader inni denne tunnellen, og trafikken, den sneglar seg avstad. Ikkje så farleg for dei som sit i eit bur med glas og luftkondisjonering…

Men for oss arme motorsyklistar er dette heilt i overkant.  Og den tunnellen tok mest aldri slutt heller, i mange kilometer sneglar vi oss avgårde med eksos, varme og andre utrivelige faktorar. Men til slutt blir alt litt betre, vi kjem ut av tunnellen, og får køyre i skyggen i nokre kilometer, og du veit det har vore varmt når 30 grader kjennes forfriskande ut.

Vegen langs innsjøen slynger seg langs vatnet, og når vi nærmar oss dagen mål, nemlig Cannobio, ein liten by på vestsia, ca midt på innsjøen.

Her tar trafikken seg opp, og beveger seg ettermiddagsdovent mot sør, men heldigvis er det tomt i motgåande felt, så vi lar kø være kø, og nyttar høvet til ein frekkis. Slikt går nemlig an i Italia, utan at onkel Blå hissar seg opp.

Vi finn etter litt fram til hotellet, og det var eigentleg endå flottare enn det såg ut til når bestilte på Booking.com.

Vi får tildelt plass i garasjen under hotellet, så syklane står trygt, og deretter gjentar vi handlingsmønsteret fra tidligare hotell. Wifi, dusj, og så….

Ned til bassenget, jekke korken av ei lita grøn flaske, og nyte sitt opium ) eller var det otium??

Samma det, etter 27 mil er dette nett ka vi fortener, og sjølv om sola går ned bak fjellet kosar vi oss, det er langt frå kaldt.

Men etterkvart vert meir sultne enn tørste,  så vi fiffar oss litt opp, og Stian, som er kveldens restaurant og pubansvarlig har skaffa tilveie tips om stader å gå.

Ein liten rusletur seinare er vi på ein strandpromenade som sydar av liv. Augene til damene glitrar av «sydenfeber» mens Stian og meg tenker mest på ein ting.

Så vi går i retning av ein restaurant der det tydelegvis er bra trykk, og får anvist bord til fire.  Og det var ikkje kven som helst som var servitør heller,

 

Mr. President Barrack Obama har no lagt seg til med ein sjarmerande italiensk aksent, og jobbar no deltid her på Ristorante Pontile.

Utsikten var det heller ikkje noko å sei på, der sat flotte unge damer rundt oss, så augene hadde verkeleg ei fin stund.

Øl og vin kom på bordet, og så sat vi der, og kjende på livet.  Og livet var godt.

Vi vart servert av Barrack, vi hadde plenty «eyecandy» å kvila augene på (augene var sjølvsagt gøymde bak mørke solbriller) og når forretten kom på bordet, vart alt smelta saman i ein herlig tre-einighet.

Men kor lenge var Adam i paradis?? (det bibelske spørsmålet har eg aldri fått eit godt svar på, men eg antar det ikkje var så lenge)

For plutseleg byrja fæle lydar å breie seg over denne åpne plassen på strandpromenaden.

Nemleg…. Du skjønte det kanskje? Skrekkspelklubben ved Lago Maggiore hadde tydlegvis lagt medlemsmøtet til dette torget denne kvelden. Fri og bevare meg vel, for eit leven.

For ein som meg, som tykkjer at Roland Cedermark lagar ondare musikk enn desse deathmetal banda, var dette akkurat på grensa av kva ein kan halda ut over lengre tid.

Men kan hende det var meg det var noko i vegen med, for rundt oss sat folk og sang med, tydelegvis så spelte dei italienske folkeviser på løpande band.

Omtrent når vi var ferdig med desserten, stemte dei i med «O Sole mio», og vi forlot denne åstaden for musikalsk voldtekt med vinden i ryggen og god fart. Tilslutt runda vi eit hjørne og skrekkspelmusikken forsvann. Tempoet sank straks merkbart

Vi rusla langs strandpromenaden, og hadde ei retteleg flott kveldsstund, mens mørkret kom krypande på.

Snart byrja andre tonar av meir ordentleg musikk å fylla øyrene, og lengre framme var det nokre musikarar som spelte.

Når vi kom fram var det «Every breath you take» med Police, og det høyrdes rett bra ut. Vi stogga og høyrde etter, og når dei klemde i veg med «Roxanne» med same band, fekk eg beint fram både gåsehud, appelsinhud og kanskje cellulitter med, for det swinga skikkelig.

Folk dansa og koste seg, barn, unge og eldre trampa takten, til og med ein belgisk fårehund dansa med matmor (ja du måtte nesten sjå det for å tru det)

Her vart vi ståande til dei takka for seg eit par timar seinare. Vel tilbake på hotellet fann eg fram Spotify’en og leita fram nokre songar eg hadde gløymd at eg likar, og la dei til i spelelista «Ferie 2017»

Ikkje så lenge etter fikk vi selskap på rommet, Ole Lukkøye (ja, altså orginalen, ikkje han oppskrytte boksaren frå Stavanger) tok seg ein tur innom og sørga for at vi skulle vera klare til neste dag.

Då venta siste etappe mot paradis, i dette tilfellet Lac de Annecy, der vi skulle slappe av i nokre dagar.

Dagens tur på kartet

2 tanker om “Dannelsesreise i alpene 2017- Ein følgjetong i mange delar. Episode fire

  1. Hei der.
    Du skriver fantastisk fint og engasjerende. Jeg venter spent på neste kapittel. Det du skriver er til inspirasjon for min planlegging av alpetur i 2018.

Legg igjen en kommentar til Jan Klüver Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *