Dannelsesreise i alpene 2017. Ein følgjetong i mange delar. Episode fem

 

Femte episode- Cannobio til Annecy

Så vakna ein atter ein gong i Italia, men denne gongen var det andre temperaturar utom soveromsglaset, enn det vi hadde i Val Gardena.

Vi fekk etterkvart beina i golvet, sjølv om dyna til «baksetet» såg ut til  å være særs mykje tyngre enn den som hadde over meg.

Pakkinga var i all hovudsak ferdig allereie kvelden før, så vi luska oss til frukostsalen for å få opp blodsukkeret.  Der var allereie dei to andre på plass, og alle fire var einige, at her kunne vi lett vore ein dag eller to til.

 

 

 

 

Men vi hadde ei oppgåve for dagen, og den var å koma seg nord og vestover til Annecy.

I dag var det mindre stress for å koma seg avgårde, vi hadde eindel transportkøyring langs større vegar, så vi rekna med å ha ein relativt roleg dag på syklane.

 

Ut frå Cannobio hadde eg lagt ruta til ein liten by som heiter Malesco, men av nokon grunn ville den GPSen (som eg tidvis omtalar som «Helvetesmaskina») ha meg/oss tilbake langs innsjøen til Locarno. Men uansett måtte vi ha bensin så vi køyrer i den retningen til næraste bensinstasjon. Får på plass det vi treng mest, 95 oktan til syklane, kjeldevatn til damene og cola til sjåførane. Sjølvsagt var Stian ned på kne bakom sykkelen sin, men eg var for opptatt av å nyte utsikten til at eg fikk tatt noko bileter av det.

Vi sjekkar litt på GPSen og kartet igjen, og er einige om å køyre tilbake til Cannobio og ta ein veg som på kartet ser mest ut som ein smal blyantstrek, som sikkert er kjekkare å køyra enn hovudvegen som ser ut til  å være mykje meir rett fram.

Og vi fekk rett.

Vegen som stig oppover frå Cannobio kallas SP75 (Strada Provinsicale), og dette er ikkje nett nokon veg  som er berekna for gjennomgangstrafikk nei. Vegen nærast klorar seg fast i fjellsida, og slyngar seg frå landsby til landsby opp igjennom dalen i retning Santa Maria Maggiore, der SP75 møter SS337.

Det kunne vorte ei lita høgtidsstund med litt inspirert kjøring, om det ikkje var for at forran oss låg det ein liten Fiat med Policia Provincicale (lokalpoliti) klistra på bakluka. Like greit å la dei visa veg i gangtempo, ingen grunn til å gje dei nokon grunn til å avsikre Berretta pistolane dei har i beltet.

«Baksetet» er derimot svært så nøgd med utsikten og tempoet

Det er bratt og ulendt terreng, men likavel har desse gamle katolikkane klart å skrapa saman nok flatt lende til å setja opp landsbyar på alle slags fjellhyller, og sjølvsagt… ei mengd kyrkjer…også her, som overalt ellers i Italia. Det er beint fram imponerande. Sjølv for ein hobby-ateist som meg

 

Til tross for det bratte lendet, er det mykje skog opp i gjennom, så utsikten ned i det stupbratte juvet er bortimot fråverande. Det er jo ei og anna bru som kryssar dalen, og her er det sjølvsagt mogeleg å få tatt ein kikk…

dersom ikkje «baksetet» hadde oppretta ståande ordre om å kjøre RETT over og ikkje så mykje så tenka på å ta noko bilete eller finna på andre sprell.

Så mykje for DEI ferieminna tenkjer eg, men greit. Grøn skog finns det nok av alle plasser

Brått er vi på toppen, og vegen svingar høgre og ned i ein liten landsby, det ser ut som vi køyrer beint inn i middelalderen, med høge hus og smale gater, der klesvasken nokon stader heng i etasjar oppover mellom bygningane.  Slenger med eit par bileter fra Google Street Wiew, sidan eg ikkje tok nokon bra bileter her

«Om fem hundre meter, sving til venstre» seier dama på GPSen,…. og for ei openbaring som ventar der.

Rundt eit hushjørna, og rett inn ei moderne hovudgate som strekk seg endelaust fram mot vest, dalen er med eit vid og åpen og vi krusar mållause framover promenaden og passerer rundkøyringa der eg sette dagens første viapunkt. No er vi inne på ein større veg, så den trafikkale framferda blir deretter… stort sett hemma av annan trafikk, så det går stort sett sømeleg for seg. Enkelte av reisefølget er særs nøgd med dette, mens andre ikkje viser den same form for åtgaum når det går i tilnærma snegefart.

Men alt har ein ende, og terrenget synker nedover mot dalen der vi etterkvart skal inn på noko som på GPSen liknar på motorveg. Og som vanleg… den har rett, den boksen. SÅ, då er det å sette på cruisecontrollen og la humla suse oppover dalen i retning Sveits, og noko som eg håpar (og baksetet fryktar) er ein pass.

Etterkvart smalnar dalen inn, motorvegen går over til vanleg tofelts, og brått har vi flytta oss frå Italia til Sveits. Og vi byrjar å køyre oppover, men vegen er alt for brei og flott til at den framkallar den pirrande «pass-kjensla» som skapar dei gode vibrasjonane ein ihuga motorsykkelpilot elskar så høgt.

Men likevel er ein ikkje lei seg, vi er på veg til Annecy, for meg er det nesten som «Det lovede land» som det heiter i Bibelen.

Både Anne og Stian har vore med meg her før,  mens Mette er komplett uvitande, (eller i alle fall bortimot, då ho har sett bileter frå verds-veven (altso internett) og høyrt malande beskrivelsar om kor gildt det er i hovudstaden i Savoie distriktet)

Vegen stig og stig, og til slutt er vi oppe på toppen, Simplon-Pass. Tydelegvis ein av dei større transportårene over fjella i denne regionen.

 

Jaudå, dei ser så snille ut, dei St.Bernardshundane

Men pass på, dei kan være rett så lumske 🙂

Vi stoppar på toppen, kosar oss med kald limonade, nyter godværet og feriekjennsla.

Eg rekk å ta nokre bileter her oppe, før vi rullar vidare inn i Sveits, og etterkvart nedover mot den mektige Rhonedalen. Dei fire store dalane i Noreg mister litt av glansen når du rullar litt rundt i alpene. Setesdalen er ikkje lengre så stor, og Gudbrandsdalen er ikkje lengre så lang. For Rhone dalen er DIGER. Berre sidedalen vi køyrer ned mot byen Sion har voldsomme dimensjonar, og som alle stader her i alpene, finn du gardsbruk på dei underlegaste stader, høgt oppi fjellsidene.

 

Det er langt ned til Sion, men tilslutt er vi nede, og finn fram til motorvegen som tek oss vestover. Igjen er det cruising i 140km/t der vindsuset er plagsomt, men det er stortsett stille frå baksetet.

Innimellom er det vegarbeid (dei held på og bygger denne motorvegen no, sist vi var på tur nedover her sommaren 2015, gjekk det i gangfart i tett trafikk langs bygdavegar og innom kvar einaste landsby) og då lurar passasjeren støtt på om vi ikkje snart er framme i Martigny.

No går det i alle fall unna i eit høgare tempo, men det kan eg seie med ein gong. Kan du unngå å køyre gjennom Rhone dalen,  så gjør nettopp det. Den er  imponerande stor, men vegen er drepande kjedelig.

Vi køyrer forbi byen Brig, og ser det er skilta til Zermatt og Sass Fee, to skistader med  legendarisk klang i navna sine.

Zermatt på grunn av fantastisk skikøyring, og eineståande utsikt til Matterhorn, og Sass Fee er legendarisk for sitt jetset liv med superstjerner og kongelege som susar rundt i stovegolvpreparerte bakkar i sinnsykt dyre skidressar.

Men vi skal vidare… etterkvart nærmar vi oss Martigny der vi skal finna vegen opp mot Col de La Forclaz, som tek oss over mot Frankrike og Charmonix.

Etter uendeleg med mil langs motorveg (det følest i alle fall slik) må vi ha ein stopp på ein bensinstasjon akkurat der vi skal køyre oppover. Når ein sitter heilt i ro, rett opp og ned, på kjedelege «rett fram vegar» kjem tresmaken snikande ganske fort, og i dag har det vore retteleg plagsamt, både på StorTigeren og Trunkenpolz’en til dei to andre turdeltakarane.

Så pausen dreg litt ut i tid, men etterkvart tek vi fatt på stigninga oppover, og igjen kan hestekreftene få strekka litt på beina oppover mot toppen og grenseovergangen mot Frankrike.

 

Her er det ikkje manko på flott utsikt på veg oppover, vi passerar fleire restauranter, men vi er nokonlunde einige i at vi tar pause på toppen, for ifølge Google maps er det to spisestader der. Og ganske riktig, her kaster vi anker og gjør klar for ein liten kulinarisk seanse.

De fleste av reisefølget satser alt på eit sikkert kort – Hamburger.

Stian gjør sitt aller beste for å bestille «utan alt» men sveitsisk/fransk arroganse kan være ein tøff motstander, så han ender opp med «full pakke» han også, det innbefatter både Reblonchon-ost, salat, tomat og andre skumle greier. Men han er jo ein nesten voksen mann etterkvart, og taklar det overraskande greit. Det vert nok reist ein bauta for han, her på denne spisestaden, etterkvart.

Sjøl satsar eg på sjømat. Det høyrest gjerne ikkje så naturleg ut her på 1750 moh,  og eg kan ikkje skryta på meg at eg veit kva eg gjør, når eg tingar «Le carnard» altså «and med potet-terte» og alt mulig anna eg ikkje kan fortelje om, sidan det stod på fransk i menyen.

Men ein trenger ikkje være fransk for å nyte maten, når den kjem i denne forma. Himmel og hav, dette er det næraste ein kan komma å bli pu….t i munnen under eit måltid. Kjære vene.

Så medan dei andre sit og er ikkje 100% nøgde med burgeren sin pga ditt eller datt, er eg (til forandring) heilt taus, bortsett frå lydar av velvære. Trur nok eg høyrdes ut som ein slik kvinneleg tennisspelar som får til en god smash, eller ein «siste liten redning».

Til slutt er fatet tomt, men heile kroppen skrik etter meir. Eg skjønar med eit korleis ein narkoman (eller var det nymfoman??) har det, men når ein Ferrari dreg på forbi langs vegen utanfor, med eit lydnivå som lett matcher StorTigeren), og alle snur seg i den retninga, nyttar eg høvet til å reinsleike tallerken, endå Anne har gitt særs tydeleg melding om at «sånn gjør vi ikkje»  Well baby, I just did 😉

Alt godt har ein ende, og også denne dagen vert eg «nekta» dessert, «fordi det går ikkje an å spisa dessert to gangar om dagen»

Lite veit diktatorinna på baksetet at eg har prøvd akkurat det MANGE gonger i Nordsjøen, og eg har fortsatt alle normale kroppsfunksjonar inntakt. SÅDETSÅ

Etterkvart er vi påkledd og klar for ein siste innspurt i retning Annecy, så vi rullar avgårde mot Charmonix.

På vegen nedover byrjar naturen verkeleg å tøffe seg til, lange isbrear strekker seg nedover langs fjellsida, fjella strekker seg like opp i skyene, og ein får stadig meir kink i nakken for å sjå etter den blå himmelen.

 

Folk på tur ser ein alle stader, mer her er det ikkje ei Zig eller Isklar flaske med kaldt kjeldevatn dei har i sekken sin, det er meir truleg at det er vin og to krystallglass. Eg får stadig meir sans for enkelte av skikkane til desse mellomeuropearane.

Vi passerar Argentiere, som er den øvste byen i dalen her, og fortsetter mot Charmonix, som i alpesamanheng er for ein storby å rekna. Her tetnar trafikken til og deretter går det helst roleg for seg langs tofeltsvegar nedover dalen. Men det er lika greit, for det manglar ikkje på flott natur som skrik etter merksemda til både førar og passasjerar.

Når vi nærmar oss Megeve, lengre nedi dalen mot Montreux, får naturen igjen kvilepulsen, åsane blir rundare og landskapet meir åpent. Megeve er tilknytta skisystemet til Charmonix, heiskorta gjeld her også, men du må i buss eller bil for å komme hit fra Charmonix.

Pga av vegarbeid får vi ikkje køyrd av hovudvegen der GPSen hadde tenkt, så ein strafferunde må til før vi er på rett veg. Normalt er ein slik «feil-køyring» berre for rein bonus å rekne, men i dag har det vore mykje transportkøyring for å koma til Annecy innan rimeleg tid. For vi veit at bassenget ligg der og ventar så blått og innbydande.

Etterkvart som vi har køyrd igjennom Megeve, og opp over åsen i retning Annecy kjennes det ut som rumpa blir sakte forvandla til eit stort stykke treverk, men eg bit i meg smerta, og håpar noen andre forlanger pause først. Og ganske riktig, til slutt må passasjeren på Trunkenpolz’en spør om ein liten «time-out»

Eg er sikker på at alle var glad for det, så vi svinger inn på ein bensinstasjon, og kryp stive og støle av syklane, og veltar oss på grasplenen like ved. Alle er særs nøgd med at vi nærmar oss, og vi trur at det berre er 30-40 min igjen av dagen.  Stian og meg toppar opp tanken på syklane, nå når vi likevel står her attmed bensinpumpene. Etter ca ein halvtime er blodsirkulasjonen i akterspeglane tilbake, i alle fall er prikkinga nesten heilt borte (jamfør ein fot eller arm som «søv»)

Opp på syklane og avgarde, nedover dalen mot Ugine snirklar vegen seg i botnen på ein trang dal, men vi kjem ikkje så langt før det er omkøyring pga vegarbeid. Og eg kjenner eit skikk av skuffelse, for her har eg og Anne køyrd før, og eg hugsar at denne omkøyringsvegen er både lang og smal.

Og med rikeleg trafikk imot, går det sjølvsagt ikkje så fort i retning hotellet. Men det er ein ting som er rart når ein køyrer i saktegåande kø…. Det går aldri så sakte, at ein ikkje tek att ein annan homlepung som køyrer ENDA saktare. Der ligg dei, fremst i køen, uten tanke på kva speglane kan brukast til og tenker sikkert som så: «Kø?? Nei, eg har aldri sett nokon kø, det er sjelden nokon bilar framfor meg»

Men lengre bak, der veks køen og frustrasjonane  i hopetal, og til slutt skjønar han luringen som ligg fremst kva den lyden er… det er nokon som fløytar.» Lurer på kvifor dei fløytar» tenkjer han nok, for det er fortsatt ikkje snakk om å køyre til sides. Ikkje før han er heime ved huset sitt, då svingar han av vegen, men då er vi berre to kilometer unna hovudvegen. Grrrr, alle fire av turfølget er sterkt misnøgde, til tross for at vi har køyrd i vakker natur og ikkje har det travelt. Det vil sei, rumpene våre har det ganske travelt.

Men tilslutt er vi på motorvegen, og vi er einige om å droppe turen over Col de La Forclaz (jaudå, det er fleire pass (eller «Col» på fransk) som har det namnet.

Vi nynner på DDE sin trailerhit «Han kjøre EEEEEEEEEseks deinn straakaste vei» og gjør vegen så kort som mulig til Hotel du Lac i landsbyen Talloires. Og det er noko eige når du bikkar under 10km til målet, då startar GPSen å telje hundremetrar. Det kjennast som om det går litt raskare på slutten

Og for å sitere Ivar Aasen: «No ser eg atter slike fjell og dalar»

Vi tek til høgre i ein rundkøyring og køyrer dei siste kilometrane langs innsjøen, og fram til målet for dagen. Innsjekkinga går lynraskt, og iløpet av svært få minutt ligg vi på rekke og rad attmed bassenget med ei kald øl i neven.

Det er så intenst godt å kvile rumpa litt, og eg undrar meg på korleis den vil kjennast ut imorgon tidleg. Men den slags bekymringar rister eg fort av meg, og undrar på om ikkje vi skal eta litt snart. Kan jo hende eg kjem til å bli sulten om ikkje så lenge. Men enn så lenge så bergar vi oss med potetchips og øl.

Ein av dei andre gjestene ved bassenget var ikkje særs velkommen, iallefall hos den feminine delen av reisefølget. Men han var eigentleg svært så stillfaren og beskjeden

Når klokka passerer 18 mister sola litt av «gnisten» og temperaturen blir meir leveleg.  Vi trekker opp på romma og gjør oss klar for meir eting, det er jo lenge sidan sist no.

Så er det ut på tur, det vil sei, det er ikkje så langt opp til «sentrum» av denne landsbyen, og etter ein tur innom minibanken, benker vi oss på ein cafe og prøver å stave oss igjennom menyen.  Sjølv har eg fått sansen for «sjømat» og bestiller med største selvfølgelighet «truitte» med noe kvitløksgreier og ein saus eg ikkje anar kva er. Altså, aure (ørret for dei som ikkje kan nynorsk)

Dei andre i reisefølget kjørte «safe» med noko biff-greier, men om eg hugsar rett, var eg den som var mest fornøgd med kveldens foringstime. Vi avslutta kvelden med velfortjent øl og vin, og så trakk vi oss tilbake til romma, der det på pensjonistvis blei ein tidleg kveld.

 

Neste morgon var det ut på Tigertur, meir sol, meir bading, og ikkje minst. Meir mat, øl og vin.

Men det må du lese om i «Episode seks», som plutseleg blir publisert her på Noregs kanskje beste MCblogg

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *