Dannelsesreise i alpene 2017. Ein følgjetong i mange delar. Episode seks

Sjette episode – Annecy og omegn

 

Har du nokon gong vakna opp om morgonen, og hatt den gode kjensla av å væra på rett stad, både geografisk, og i livet??

Neivel…

ikkje eg heller.

 

Men når eg vakna den fyrste morgonen på hotelrommet i Annecy, med morgonsola som skein inn gjennom gardina, hadde eg ei god kjensle i heile kroppen. Ja, no veit eg kva dei mannlege lesarane vil tenka inni seg, men det var ikkje DEN kjensla eg tenkte på.

Ro og fred, og ingen planer for dagen, bortsett fra frukost, avslapping og kanskje ein køyretur?

 

Men først frukost.

Frukosten på hotellet her er riktig så bra. Sett med «kontinentale auger» i alle fall.  Det er klart, her finnst ikkje grovbrød og brunost, men det forventar eg heller ikkje når eg er i sentraleuropa.

Her er det loff og baguette, kaffi og te, ostar som luktar, og ostar som luktar meir, skinker og pølser… åååhhh eg kjenner eg vert svolten berre av å skrive om det.

Etter frukosten (den kan fort ta ein time, eller meir)  er det på tide å finne handklede og bevege seg mot bassenget. Greit å være tidlig ute, for ellers kan det hende at slike sneglespisande «lokale» gjester breier seg ut over fleire senger. Det må for all del unngås, her er det «Norway first» som gjeld

Vi riggar oss til med andleta i retning av morgonsola, men den gjer sitt beste for å gøyme seg bak nokre skyer som omkransar fjella no på morgonen, men den lukkast berre sånn halvvegs i forsøket. Etterkvart tørkar himmelen opp, og sola skin «som om ho er galen», for å sitera far min.  Varmt og godt, ingen grunn til sure miner her.

Eg tenkjer heller ikkje noko på korleis været er i Kroatia,  for no er eg omtrent midt i mitt private paradis. Vinner eg ein stor sum i Lotto, blir det å leite fram ein feriebolig her på austsida av Annecysjøen. Dei tre andre i reisefølget er slett ikkje ueinige i den vurderinga.

Men så er det ein ting… eg er ikkje bygd for å ligge i ro ved eit basseng. Så eg får litt «makk i rumpa», og går opp til StorTigern som står i skuggen ovom hotellet. Sett meg oppå, og all «makken i rumpa» forsvinn med eit trylleslag. Det er ikkje dagen for å kjøre i dag… så eg returnerer til bassenget med fred i sjela, trekker fram ein parasoll, og legg meg i skyggen med PCen i fanget, og byrjar å skrive på episode 1 av denne føljetongen.

 

Dagen sneglar seg avgårde,, med litt cola, ei sjelden pils (eller Lager heiter det vel, strengt tatt) ein tur på butikken oppi gata, chips, iskrem og moreller.. så vert det tid for lunch.

Vi samlar oss, og ruslar ned mot innsjøen der det er ei offentleg badestrand, og fleire restauranter. (tok dette bildet dagen etter, så det var eindel mindre folk  då)

Det er bare ein ting vi ikkje har tenkt på i dag. Og det er datoen. 14. juli. Frankrike sin nasjonaldag.  Og fridag for alle. Det er folk overalt, stranda ser ut som ei maurtue, og restaurantane er overfyllte. Men etter noko venting og tråkking imellom dei ulike spisestadene, får vi etterkvart ein bord. Servitrusa snakkar ikkje ei teinaste ord engelsk, og slett ikkje norsk heller.

Så Onkel Olav må trø til med sin stødige fransk.  Det kan ikkje seiast at det gikk smertefritt for seg, men ho forstod i alle fall ka eg/vi ville ha å eta og drikka. Rart det der, kor lett det blir å forstå kvarandre, når den eina parten har lommeboka full av «brennande dukater» og den andre skal prøva å selga deg noko du har lyst på.

Men mat fekk vi, menyen var ikkje så særs spennande, men vi vart mette. Bortsett frå frk. Sandvik då… ho var det jo allereie.

 

Vi returnerer til bassengkanten, og ettermiddag går sin gang, dvs jamnleg flytting av solsengene slik at «vi kan bli skikkelig brune» .  For alle veit, at dersom du har vore på ferie, ja kanskje tidenes BESTE ferie, så er det HEILT vekkkasta å koma heim og være bleik.  Ingen vits i å kosa seg og ha det kjekt… «eg skal bli brun- basta»

Men vi vert einige om at i kveld tar vi syklane inn til sentrum, for å spise på ein av «stamplassane» mine, ein restaurant ved kanalen.

Så når sola har brent av det meste av kruttet sitt, så trekker vi inn og gjør oss klar til ein kjøretur.   Det er ca 20 kilometer inn til sentrum, og vi er eigentleg ikkje kledd for å kjøre sykkel.                      Men eg vurderer som så… vi er to syklar, og vi lyt passe på kvarandre, køyre SÆRS aktsamt og hensynsfullt, så bør det gå bra. Dessuten susar jo desse sneglespisarane rundt i rasande fart med store scooterar, kun iført shorts og Tskjorte, eller for damene sin del, i kjole og sandalar.

For ikkje å snakke om dei tusentals syklistane som susar ned frå alle pass, i ein trang sykkelshorts og sykkeltrøye. Trur vi overlever 20 kilometer langs flat mark i låg fart

Og det gjorde vi. Trafikken er tett og saktegåande, og vi legg ikkje opp til nokon heftig køsniking heller. Men eg kan forsikra dykk om at franskmenna gjør det, med scooter. Himmel og hav for ein traffikal adferd.

Tilslutt er vi i sentrum, finn ein parkeringsplass, og går for å finne restauranten vår. Men GJETT om sentrum var fullt av folk.

Nasjonaldagen dreg VERKELEG folk ut frå heimane sine, alle skal tydelegvis ha ein god middag på ein spisestad. Så noko bord får vi ikkje, det er berre å gløyme. Eg vert litt forbanna på meg sjøl, for ikkje å ha tinga bord på førehand. Men men, vi går ein runde i dei trange og ganske så overfyllte gatene, og kan sjå at samtlege spisestader er fyllt til randen av folk. Det er ein god kveld for dei som serverar mat i Annecy i kveld.

 

Tilslutt er vi tilbake på Restaurant Beau Soleil, og no får vi kontakt med ein annan servitør, som sikkert ser at «her har vi nokon turistar med vellfyllt lommebok» og han lar oss få eit bord i 2.etg av den fortsatt stappfulle restauranten.

Deretter går ting slag i slag, mat, vin og alkoholfritt til sjåførane, Stian og meg planlegger kjøreruta mot sør, og etter ein ikkje direkte beskjeden dessert,returnerer vi til parkeringa til syklane.

Dæven, der var det blitt kaos. Politisperringer, trafikkdirrigering, mengder av folk alle veier, og når vi er klar til å kjøre, blir Stian og Mette vifta i ein retning, men Anne og meg, som er litt bak, blir vifta i motsatt retning.

Jaja, vi stoler på at dei to andre er vaksne nok til å finna vegen sjølv, og Anne og meg rullar i særs sømeleg tempo (vi er fortsatt iført shorts og t-skjorter)

Brått blir kveldshimmelen lyst opp av eit fantastisk fyrverkeri. Ikkje rart det var politi-oppbud i sentrum. Dette fyrverkeri-showet setter sjølv Lothepus i skammekroken.

Bilde frå Stian sin Iphone

Å få det på bilde er ikkje bare enkelt, særlig ikkje når mobilen er tom for straum.  Men vi får bruke Google littegrann, så får lesaren i alle fall eit slags innblikk i korleis Frankrike feirar nasjonaldag.

Vi returnerer rundt innsjøen, ca 30 kilometer i mørke natta, heldigvis er vi i varmere strøk, for temperaturen ligger rundt 18-19 grader.

Vi er tilbake til hotellet omtrent samtidig med dei andre to.  Etter eit glas eller to på altanen utom hotellrommet, rullar vi ned gardina og tar kveld.

Neste morgon er eg meir glad i rumpa mi, og det er laurdag, ingen nasjonaldag, åpne butikkar.. jau, eg vil ha meg ein køyretur.

Stian og Mette vil til Charmonix, Anne vil kun sola seg og bli brun (sosial valuta for venninnene – «åååå så bruuun du e blitt» ) så eg får nok rulla på eiga hand.

Men ein sein frukost er ikkje det rette om ein vil køyre einsam på fine vegar, i slike tettbebygde strok. Pytt sann- Eg er på ferie.

Først køyrer eg tilbake til, og gjennom byen, og let GPSen visa veg til den lokale Triumph butikken. Eg kunne tenkt meg å tatt eit oljeskift her, men dei har ikkje tid før mandag, og då er vi nok på veg sørover.  Jaja, dei har eit enormt utvalg av syklar og klær, og andre greier som er kjekt å ha.

Takka vere den kjende franske arrogansen, får eg gå i fred i butikken, prøver klær, kikker på hjelmar, og prøvesit div. syklar.

Eg sender ein venleg tanke til Anne som har hjelpt til med å fylle opp boksane på sykkelen (Ja, eg var vel forresten ikkje heilt utan ansvar der, eg heller)

Så noko shopping av den skiiitlekre skinndressen med goretex, som eg fann til ein heilt grei pris, utgår lett.  Eg let meg heller begeistra av syklane som er spredd utover lokalet, og let det nyleg opplada kameraet knipsa i veg.

Bonneville T120

Street Cup, ein retteleg lekkerbisken frå Hinckley

Men… ein kjem seg ikkje over fjell og gjennom dalar av å stå slik og draume seg vekk om ein retro Triumph på låven.

Eg lyt sale opp og kome meg avgarde.

Eg har ein plan. Eg har nesten ALLTID ein plan, og denne har eg hatt ei stund. I første omgang opp og over fjellet som ligg vest for Annecysjøen, Semnoz.

Dette fjellet ruvar ca 1660 mtr over havet, dryge 1200 meter over byen, det er ingen typisk alpetopp, meir liknar det på eit  kneipbrød som strekkjer seg frå nord til sør. Alpefjella byrjar straks på andre sida av innsjøen, og fortsetter mot aust. Tour de France hadde ein etappe som gjekk over her i 2013

Eg tråklar meg ut frå industriområdet der Triumphbutikken ligg,  ned igjen mot sentrum av Annecy, før det svingar sørover og vegen stig oppover gjennom skogen. Utsikt er det lite av til å byrje med, men hårnåler finns det mange av. Og dei er kjekkare når eg er aleine på sykkelen.

Dette er beint fram ein fantastisk køyreveg, skulle trudd at dei som bygde vegen var motorsyklistar, og at de fikk frie hender til å laga vegen slik dei ville ha den. Skarpe tekniske svingar blir avløyst av sveipande lange kurver som innbyr til glad-gassing og eit passande tempo oppover mot toppen. Det er berre ein ting som legg begrensningane her, og det er som vanleg…. syklistar. Dei finns i hopetal, og dei er tidligare oppe enn det eg var i dag.

Kva som skal være så fantastisk med å mishandle bakenden sin på eit smalt og idiotisk hardt sykkelsete medan melkesyre og blodsmak i både kjeften og baken gjer sitt beste for å øydelegge ALT som kan minne om nytelse og moro, er utanfor min kapasitet når det kjem til forståelse.

Men dei om det. De har vel rett til å være langs vegen dei også, og så lenge dei ikkje syklar fleire i bredda kan ein ikkje klaga.

Dessutan, ein syklist er ikkje anna enn ein rundingsbøye, så lenge dei ikkje får bilar bak seg. Det er då det blir bremsing og anna svineri som kø, tuting med fløyter og anna misnøye.

Pyttsann, eg prøver å forklare meg sjøl at «no er du på ferie Olav, det er ingenting som hastar».

Og sakte men sikkert (i alle fall sikkert) nærmar eg meg toppen, og vegen stiger opp, og over tregrensa. Det vil sei, tregrensa her er vel meir et resultat av beitande kyr og geiter. Men det blir uansett meir åpent, og eg passerer dei første skiheisane, og aktivitetsparken med ziplines og bob-bane og annan moro.

Utsikten vestover strekker seg milevis,  og landskapet blir flatare og flatare jo lengre vest ein kjem. Straks etter vrenger vegen seg over åsryggen og utsikten blir endå mykje betre. Annecysjøen ligg der turkis og speglblank, og austover er det berre alper.

Eg stogger på ein rasteplass like under toppen og knipsar bileter, samstundes som det går opp for meg at her er eit utdrikningslag med ei mengd flotte unge damer.

 

Dei likar ikkje å bli forstyrra, i kva det no var dei holdt på med, så eg takkar fint for meg, og fortsetter siste stykket til toppen.

For på toppen ligg det sjølvagt ein kafe/restaurant. Med uteservering såklart. Eg lar StorTigern puste ut i skyggen bak huset, medan eg meskar meg med både is i glas, og brus.

Herlighet så perfekt, feriekjensla ligg utanpå huda, like tjukk som Nutella’en på brødskivene til Stian.  Etter ei salig stund der på kafeen, skrevar eg over salen og køyrer mot sør,

Utsikt mot vest, frå toppen

Vegen følger toppen eit par kilometer før den legg seg utover på austsida.

 

Her er utsikten flottare men vegen er stor sett typen «beint fram – hårnål – beint fram – hårnål», sidan terrenget er brattare og meir dramatisk.

Trafikk er det ikkje så mykje av på denne sida av fjellet, sidan vegen ender opp på bondelandet, og bønder er skikkelege folk som ikkje har tid til sykling og sånt vas.

Vel nede i dalen under Semnoz svingar eg sørover, inn i eit område eg ikkje har vore før.  Eg har tenkt å køyre rundt fjellmassivet som ligg sør for Annecysjøen , og se om eg finn vegen tilbake gjennom dette fjellområdet. For på kartet går det nokre SVÆRT tynne strekar som indikerar at det er ein slags veg/sti gjennom der. No er eg verkeleg på eventyr, og det blir litt køyring i kryss og krake, for GPSen har ikkje så lyst å leie meg inn på den smale sti.

Men dette er eit flott landskap å køyre feil i, eg ender opp i ei landsby i enden av ein veg, og spør nokre turgåarar om dei kjenner til vegen som går over til Annecysjøen.

På eit vis så skjønar dei kva eg spør om (ørlite fransk er særs verdifullt å kunne, då blir arrogansen raskt forvandla til begeistring – « tenk, ein nordmann som har lært seg fransk, Guuuud så sjarmerande»  tenkjer dei sikkert inni seg) og på minst like mirakuløst vis svarar dei på plettfri engelsk. Dei veit ikkje om nokon veg her i området, men det skal være ein annan veg lengre aust. Kanskje det er den eg ser etter? Eg returnerer til sivilisasjonen (altså ein stad der det er 4G dekning) og på mobilen får eg zooma inn såpass at eg finn dei strekane eg leiter etter. Men å få overføre dette til GPSen er ikkje enkelt, for ifølge den så er desse vegane «ingenting». Eg får berre prøve, og legg i veg. Kjenner eg er litt småsulten, for no har eg vore lengre på tur enn eg først hadde sett for meg.

Men eg finn fram på rett veg. Ein smal veg blir smalare og smalare, og går innover ein trang dal.  Elvekrysningar på betongdekke var ein ny (og glatt) opplevelse, og jo lengre inn i dalen eg kjem, jo meir liv blir det. Ein speidarcamp ligg ved elva, full i ungdommar, campingbilar med turgåarar står på utkøyrslar og parkeringsplassar, og eg blir meir tvilsam til at dette blir ein suksess. Ganske rett, på ein snuplass full av bilar finn eg desse skilta:

Vegen fortsetter inn og oppover dalen, men midt på dagen på ein laurdag, er neppe rette dagen til å utfordra regelverket. Greit nok at franskmenn har eit pragmatisk forhold til trafikkreglar.. men eg lar denne vegen få beholde «jomfrudommen» sin for i dag. Eg merker av på GPSen kor eg er, så har eg posisjonen til snuplassen til ein seinare anledning.

Snurr filmen baklengs, og brått er eg tilbake der eg kom ned frå Semnoz. Med sola i ryggen svinger eg høgre (austover) og følger terrenget langs fjellet som kallast Roc du Buef (‘rokk dø bøff) eller «okseryggen» på norsk. Fortsatt er det vakkert kulturlandskap med nydelege små landsbyar, og utsikt nordover til innsjøen.

Men den beste delen av køyreturen er eigentleg over, for eg er snart nede på hovudvegen langs sjøen.

Men eg har lyst å køyre meir, så eg tar omvegen over Col de Forclaz, der det som vanleg er mengder med paragliderar i lufta. Dette vegstykket er også ein orgie i svinger, og eg har skikkelig flaks og tar ikkje igjen ein einaste saktegåande minibuss som fraktar paragliderpilotar til toppen. Eg har hatt mine timar i slike minibussar, dengong eg var i Annecy for å fly paraglider. Men utan slike hindringar langs vegen er «omvegen» relativt raskt unnagjort…..

Så på 1-2-3 er eg «heime» på hotellet igjen, etter ein kjapp bensinfylling.  Tilsammen blei det 115 kilometer med egentid av beste sort. Bilde av turen, men første delen av turen er ikkje med. Frå Triumph butikken var Locatoweb’en med.

Hotellet ligger ved den røde nåla

Anne ligg akkurat der eg forlot ho, og eg synast eg kjenner ein ørliten lukt av nygrilla kylling..,

Etter ein lynrask avkledning er eg klar for ferie ved bassenget igjen .

Det er sjølvsagt deilig å ligge slik.. men også ganske kjedelig, men ifølge barnehagetanta mi så er det «sunt» å kjeda seg iblandt. Eg prøver å tru på ho. Vi ruslar ein tur og spiser lunsj og tar ein is på benken ved butikken, før vi returnerer til bassengtjenesten.

Dag blir til kveld, og vi undrar på kor dei andre to blir av, vi sender ein melding og to men får ikkje svar. Så vi ruslar opp i landsbyen og får oss middag. Eg velger aure igjen, og Anne tar det same. Vi angrar ikkje.

Etterkvart kjem også Charmonixturistane tilbake på Trunkenpolzen.

Det er dessverre fullt på restauranten vår, så dei må gå ein annan stad for å få seg mat. Vi ruslar bort til dei etter vi har spist, tar nokre øl, og forteller om dagen vår:  Dei har hatt ein flott dag, der dei mellom anna har tatt taubanen opp til Aguille du Midi, som endar opp på 3800 meter.

Bildet har Stian eller Metta tatt:

Alle fire er slitne etter ein dag i sola, enten det er ved bassenget, på sykkelen eller på fjellet. Vi returnerer til hotellet, drikker enda litt meir øl på altanen før det er sengetid. (jadda, eg veit det høyrest ut som ein pensjonisttur, men vi prøver bare få ein god dag imorra også.

For eg har sjølvsagt ein plan, også for neste dag. Stian vil ikkje være med på den, for dei skal ut og klatra i ein Via Ferrata igjen.

Så neste morgon kjem lynraskt, eg er tidleg oppe, dvs ALLE er tidleg oppe for vi vil ha max utav denne flotte dagen. Frokosten går greit unna, Anne rigger seg til for bassengtjeneste, Stian og Mette drar avgårde for å klatre… og eg, ja eg veit du blir overraska no… eg skal køyre på tur.

Eg tenkte å «ta ein kjappis» over Semnoz, ca tre timar tidligare i dag enn i går for å unngå alle syklistane.  Så avgårde, forbi sentrum i morgonsol,

og deretter oppover lia til Semnoz i herleg morgonsol, ikkje ein syklist å sjå, annan trafikk er også fråverande, så tempoet og flyten i køyringa er aldeles framifrå. I alle fall frå mitt synspunkt

På toppen har ikkje kafeen opna endå, så eg bare susar forbi, stoppar lengre borte, der ein har utsikt både vest og austover . Knipsar litt bilete, før eg køyrer nedover.

Nesten samme ruta som dagen før, utanom «utflukta» mot sør og ein tur opp for byen Doussard, der denne vegen eg prøvde meg på dagen før kjem ned, tilsammen 9 mil med gladgassing, og ikkje så svært lenge etter er eg atter i shorts og vel plassert ved bassenget, ved sida av ei særs nøgd frk. Anne.

Dagens rute:

Etter ei stund blir vi einige om å ta ein (hold deg fast) køyretur opp til landsbyen La Cluzac, og kansje passet Col des Aravis.  Det er ein fantastisk restaurant i La Cluzac med spesialiteter fra Haute Savioe (altså det «fylket»  som vi er i) og det involverer mellom anna ostar som luktar litt.

Trur ikkje Stian sin sarte gane og nese vil sette pris på det, så då er det greit å ta eit besøk medan dei er på klatring i nærleiken.

Så då er det på med findressen att, på med toppboksen og avgarde. Tilbake den vegen eg kom ifrå, og så oppover dalen nokre få kilometer før vi dreier nordover på små bygdavegar, i retning landsbyen Manigod. (du ser området aust på kartet like over her)

Her var «Gutta på tur» på besøk i si tid, men vi stoggar ikkje her i dag. Oppe i eit slags «pass» ved landsbyen er det eit slikt aktivitetsområde som eg fortalte om på Semnoz ved Annecy,  og med tanke på at her finns fleire små hoteller her oppe, er området sikkert er godt besøkt av franske gjester om vinteren.

Vi fortsetter nedover mot La Cluzac, og i eit vegkryss drar eg på mot høgre. «Baksetet» lurer på kva eg driver med, men eg forklarer at vi skal opp i passet og kjøpe klistremerker.  «Åh nei, ikkje meir pass» kommer det med tynn stemma, men vi er alt halvvegs oppe, og dette er ikkje eit særskilt dramatisk pass heller. Så på toppen er det «selfie-time» for den eine av oss, for her har vi fri sikt bort til Mont Blanc som i dag verkeleg svarar til namnet sitt.

Eg derimot, ruslar rundt og ser på motorsyklar, for her er det peise fullt av slikt.

Col des Aravis er ein del av «Route des Grande Alpes» som strekker seg frå ein landsby ved Genevesjøen og heilt ned til Menton like ved Monaco. Dette er ein fantastisk køyretur, som eg trur blir hovudoppgåva neste gong eg er nedover her på MC tur.

Etterkvart er selfiekontoen og Instagram og Snapchat fyllt til randen av kor den eine av oss befinner seg. Så vi legg turen innom kapellet til Sainte Anne, som var helgen, og beskytter for de reisende.

Overraskande fullt av folk der inne, så vi blir ikkje lenge. Og ikkje er det så mykje helgenaktig over den Anne som eg har med meg heller 😀

På med hjelmane, og så nedover mot La Cluzac, der vi ankommer 12-15 minutt seinere. Vi finner raskt veien til La Siceria, som skal bety noko slikt som «Sagbruket» eller noko. Diverre for oss er det «siesta» eller kva dei kallar det på fransk, lunchserveringa sluttar kl 13, og middag opnar kl 19.

Fåkk, tenker eg høgt. Det var den Racletten, og vi som hadde gleda oss så hinsides.

Maten, stemningen og servicen her er heilt fantastisk, men det hjelper jo ikkje når de ikkje har matservering før kl 19.

Vi må rusla slukøyra videre oppover gata, og ramlar inn på eit vesentleg mindre fancy etablissement.  Men her har dei næringsvett, og serverer gladeleg varm mat heile dagen. Vi vil ha Tartiflette, ein lokal spesialitet med skinke, potet, ein krydra kvit saus og gratinert i ost. Knallgodt…

KNALLgodt faktisk. Vi offar og stønnar oss igjennom dei digre porsjonane, og er stappmette og vel så det nå vi gjør opp rekninga. Den var ikkje halvparten så stor som den ville vore på «sagbruket», så noko godt kom det jo utav den siestaen.

(Men dette hadde vi planlagt og hatt lyst til lenge før vi drog heimefrå)

Opp på syklane, og så heimover mot Annecy, nedover dalen mot Thones, som er ein litt større by langs vegen her. Vi stoggar ved ein minnekirkegård som eg har køyrd forbi fleire gonger.

Historien som eg har blitt fortalt,(men eg har ikkje fått den verifisert av historisk kompetent personell)  er at 52 motstandsfolk vart omringa av tyskarane oppe på fjellet i bakgrunnen. Dei var tomme for ammunisjon, og hadde ryggen mot stupet. Dei visste at om dei vart fanga i live, ville det venta nådelaus tortur, og redde for å sette levet til andre motstandsfolk og sympatisører i fare, valgte dei å hoppe samla i døden utanfor stupet.

Om denne historia er rett, er det vel unnt å havne på ein minneskirkegård. Vi reflekterer litt over liv og lære, og når ein tenkjer på kva slags bagatellar folk blir «krenket» over i våre dagar… ja då har vi det for fint, og for lite å bekymra oss over….

Vi konkluderer med at det er best å væra snille med kvarandre. Både i liten og stor målestokk.

Vidare heim mot Annecy velger vi vekk alt som minnar om hovudvegar, og svingar oss gjennom skogholt og vakkert kulturlandskap.

Tilbake på hotellet er akkurat dei andre på plass ved bassenget, og dei har mykje å fortelja om dagen sin. Nydelege bilder tok dei også. Bilder frå Mette og Stian:

Via ferratta i Aravis fjellkjeden:

Bilde av vegen oppover til Col des Aravis

Vi utnyttar dagen maximalt ved bassenget, men i 1930 tida er sola ferdig med jobben ved dette bassenget. Vi er blandt dei siste som pakkar saman for dagen, og vi er særs nøgd med utbyttet

Opp og dusje, kle seg om og så trekker vi ned til ein ganske fin restaurant like ved hotellet.

Anne og eg kan ikkje nett påstå vi er sultne, men når menyen åpenbarer «Carpatio» er vi solgt. Det blir både rått kjøtt med ost og salat, og pasta og dessert. Det er for pokker siste kvelden i Annecy, så her skal det nytast maximalt.

Vi er ikkje så seine ikveld heller, imorra tidleg har vi tenkt å komme oss til frukost når den åpnar, og dra avgarde før det blir for varmt. For været.. været ja, det er ikkje slik det er heime i gode gamle «furet værbitt». Så kvelden går med til pakking og klargjøring for ein tidleg avgang neste morgon.

Til slutt blir det «en duggfrisk en» på altanen, og så setter vi strek for ein fantastisk dag.

 

Imorgon byrjar kansje eventyret for alvor, då skal vi etterkvart på ukjente stiar (vegar) for oss alle.

 

Følg oss vidare mot Provence, allereie i neste episode.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *