Dannelsesreise i alpene 2017 – Ein følgjetong i mange delar – Episode åtte

Late dager i Provence, og heimturen som ikkje gjekk heilt etter planen

Etter eit betre måltid kvelden føre, vakna vi til lydar og lukter som bar bod om at det var frukost på gang.

Middagen kvelden føre hadde sjølvsagt vore fantastisk, rart det der, åssen ALLE måltid her hos Marianne og Rune  havnar i kategorien for «Eit betre måltid»

No er det jo sånn at M&R har dette som sin andre heim, og feriekjensla for dei, er nok litt annaleis enn det den er for oss som kjem på besøk nokre dagar. Så frukosten er ikkje akkurat noko «brunch» som blir servert langt på dag.

Heilt greit for meg, morgontimane er uansett dei beste, om ein berre kjem seg opp, og kan nyta dei.

 

Så ikkje lenge etterpå, er alle seks samla rundt bordet, og maten blir fortært med velbehag, akkopangert av ei rekke med godlydar.

Når denne vesle høgtidsstunda er over, blir det tid for bading, soling og andre unyttige og uproduktive gjøremål.   Men det er vel i det store og heile alt Provence dreiar seg om, jobbe akkurat så mykje man må, og nyta resten.

Det tar ikkje så lange tida før Stian og eg kjenner at… pokker, vi skulle vore til sjøen, og hatt eit bad i Middelhavet, når vi først er så langt sør.

Så vi hoppar i badeshortsen og går (nesten) commando under kjøredressane. Det er ein varm og tvilsom opplevelse å gå i full kjøreutrustning  i 33 varmegrader.

Men må man, så må man.

Vi køyrer avgårde austover i retning Carcès, etter ei rute som Rune har hjelpt oss med , slik at vi unngår motorveg, bompengar og andre fæle ting.

Vegen snirklar seg forbi Le Thoronet (ein vakker landsby), langsmed vinåkrar og blomsterenger,  og terrenget er overraskande småkuppert.

Ei stund køyrer vi langsmed ei elv, den gjør at dalen vi køyrer gjennom kjennest litt kaldare, men det var nok fortsatt over 30 gode varme grader som gjorde at det kokte godt inni Rukkadressen min. Om du ikkje veit korleis det er å ha ei elv av svette, frå nakken og ned i rumpesprekken,  bør du gjøre som oss, og kle deg opp i vinterklær før du går i badstu.

Denne vesle dalen tar oss nedover til neste landsby som heiter Vidauban. Her passerer vi motorvegen mellom Nice og Marseilles, og vidare i retning St. Tropez som er målet for dagen, blir vegen bare kjekkare og kjekkare .

Vegen slyngar seg vidare sørover, gjennom ein artig naturpark, der vegen må være den mest svingete eg nokon gong har køyrt.

Rett nok er vegen mellom Utne og Jondal kjend for å være ekstremt svingete, men dette tar alle kaker. EG har aldri sett noko slikt, og det har nok ikkje den unge lovande trønderen i front heller.

Trærne har ein underleg form, og landskapet generelt blir tørrare og tørrare.  Golfbanar dukker opp her og der, og der.. brått etter ein lang høgresving, ser vi Middelhavet for første gang.

Eit stykke forran oss ligg St. Maxim, og på andre sida av bukta ligg St. Tropez. Det tar ikkje så lange tida før trafikken aukar på, her er det meir og meir befolka, og snart er det er kø i alle retningar.

Men med syklane våre, er vi smidige som røysekattar, der vi sikk-sakkar oss mellom supersportsbilar og Rolls Royce’ar og anna edelt materiale på fire hjul.

Etter ein runde og to i bykjernen finn vi ein MC parkering på ein enorm P-plass på kaien. Vi vrenger av oss kjøreklær og kjøresko, og finn oss ei T skjorte i sideboksane som er nesten heilt rein.

Vi er klar for å promenere litt i ein av dei dyraste byane i Europa.

Det går ikkje så mange metrane i gatene her, før eg priser Herren over at «Baksetet» blei igjen i Mont Fort.

Her er det ikkje mye tilbud og billige ting å sjå.  Kredittkortene hennar ville nok smelta her i St. Tropez, og det er IKKJE pga at det nok er nærmare 40 grader i skyggen.  Her er det veskebutikkar og design som er så eksklusivt at sjølv Kronprinsen av Saudi Arabia tenkjer seg om to ganger før han drar kortet sitt. (eller strengt tatt—han har vel folk til slikt)

Vi fokuserer på noko billigare, til dømes ein iskrem og litt cola.

Etter at dette er ordna, ruslar vi langs kaien der alt av lystbåtar under 100  fot er å anse som stusselig.

Vi passerer Le Escale, restauranten som er lite berømt for «se og bli sett» som for prisnivået. Det er overraskande (eller eigentleg ikkje) mye «eldre» menn med unge vakre og sikkert DYRE damer der. Trur ikkje det er mange av damene der, som betaler regningen med sitt eget kort.

 

Men vi har ikkje HEILE dagen, vi må jo tilbake eingang også. Og vi skal bade.. men det er ikkje nokon plass å bade midt i sentrum i alle fall.

Så vi ruslar tilbake til syklane, køyrer sakte tilbake mot St. Maxim, men kort etter finn vi ein plass der vi BÅDE kan parkere, og skylle de strømlinjeforma, atletiske kroppane i Middelhavets azurblå bølger.

Plassen er merka med «Priveè» men vi later som vi ikkje skjønar kva det betyr, og tar oss til rette deretter. Av med fillene, og  plopp i havet med oss.

DET var nok eit høgdepunkt på turen, det også. Det byrjar bli nokon av dei no, og vi nyter stunda som best det lar seg gjør. Men etter ein halvtime kravlar vi tilbake på land, og vatnet tørkar av kroppen mens vi kler oss opp i svart og grønt-

Ikkje før er vi komne på syklane igjen, før Stian byrjarr å snakke om mat… han er sulten, og vil ha noko godt å spise. Eg er slett ikkje ueinig i den tanken.  «Sji fra om du sjer ein Burger King eller Mækk Dånnalds da» , kommer det fra KTM piloten i front

«HÆÆÆÆ , kva sa du??» spør eg, eg kan knapt tru det eg høyrer. Burger King eller Mækk Dånnalds?? Her.. i Frankrike??

«Stian, kjør inn til sida er du grei.. vi må snakke sammen»

Trygt parkert på fortauet drar eg ein lengre monolog om at det ikkje er aktuelt, på noko tidspunkt mens vi er i Frankrike, å gå på Mækk’ern.

Monologen ser ikkje ut til å trenge nevneverdig inn i det normalt nokså kvikke hodet til trønderen. Men det blir ikkje noe gatekjøkenbesøk på oss.. sjølvsagt ikkje. Vi cruisar på heimover, og etter ein liten diskusjon via intercom’en bestemmer vi oss for å ta samme vegen vi kom, og ikkje det uprøvde alternativet lengre vest. Vegen er fortsatt like fantastisk, fin flott asfalt og nesten ikkje ein einaste bil å sjå.

Tempoet er aldeles framifrå, slik det ofte er når trønderen ligg i front, og snart etter har vi passert den flotte naturparken, tar ein liten stopp for eit bilete eller to, og ringer «heim» til Mont Fort.

Og beskjeden er grei, om vi skundar oss, rekk vi lunchen som dei er i ferd med å lage til J

 

No er det å «skynde seg» blitt ein slags (u)vane når vi er på tur i lag, så det var heilt unødvendig å be om akkurat det. Og ikkje legg vi inn nokre omvegar av betydning heller, så ei kort stund etter parkerer vi utanfor Hansens Recidens og på svært få sekund er vi ute av køyredressane og jumpar i bassenget.

Så er det lunch.. på Provencalsk vis, litt øl, litt rosèvin, skinker, loff ost og salat og anna snacks som høyrer til. Smaken av ferie kan du sei.

Jentene og Rune har vore på tur dei også, oppi elva Argens som renn forbi landsbyen og bada der.

Resten av dagen er vi travelt opptatt med å gjøra ingenting, og DET vi er flinke til.  Det er kun spenningen i ein krimroman som får opp pulsen.  Og  når sola går mot horisonten i vest, gjør vi oss klar til neste etegilde…

Vi skal til nabobyen Contignac, der er et kveldsmarked denne kvelden, og vi har (dvs Rune har) bestillt bord på ein restaurant  der. Heldigvis har dei litt bilar her i Frankrike, så Anne og meg tar oss av cabrioleten, mens dei andre fyller opp arbeidsbilen til Rune.

And off we go.

Det tar bare 10 min og kjøre opp til Contignac, men over 30 minutt å parkere.

Men vi kommer oss ned til torget, og sirkulerer blant salgsboder av ALLE slag. Sidan det er marked om kvelden, har ikkje slaktarane tatt turen, men det er mye anna snadder å finna.

Men vi er her mest for å eta, så etter ei kort stund, finner vi fram til restauranten, og får tildelt bordet vårt.

Øl, vin og etterkvart litt mat, og som vanlig er det non pluss ultra, ikkje mye å setta fingeren på her.  Og best av alt, ingen kinakål, lausmais og thousand island.

Etterkvart drar vi heim, tar ein liten nightcap på patioen og så er det atter ein kveld forbi.

Neste morgon blir ein reprise på den vi hadde dagen før, men denne dagen skjer det ingenting verd å fortelle om.. bortsett fra at vi bader, slapper av, sjekker over syklane, og undertegnede fyller ein skvett olje på Tigeren , og Stian hjelper Rune med arbeidsbilen.  Så blir det sortert litt bagasje, noe skal vi ha med på syklane, og noe tar damene med på flyet. Ja, for dei skal jo fly heim fra Nice på laurdag.

Ein rusletur i landsbyen og ein tur i baren oppi gata rekker vi, innimellom all «gjøre ingenting» og alle er sjarmerande salongberusa når vi returnerer til huset.

Om kvelden blir det grilling, og herrejemini for et måltid det blei. Vi fikk kjøpt noen lokale pølser fra slakteren, og sammen med biffar med seriøse størrelsar, blir vi langt meir enn lovlig mette.

EG er ikkje sein i seng denne kvelden, for eg og Stian har alarmen på 05, og planlegger avreise kl 0600.

 

Og sånn blir det, neste morgon er vi oppe i grålysningen, og når vi kler på oss kjøredressane er det deilig svalt ute.  Og nøyaktig kl 06 rullar vi avgårde, oppover gata, legger MontFort bak oss, og har Briancon som neste vegpunkt på GPSen.

Vi gladgassar oss nordover igjennom det indre av Provence, og får med oss ein nydelig soloppgang ved Lac de Croix. Det kunne vore eit episk vakkert og romantisk augneblink, men eg var jo med Stian  (og vice versa) så det var bare flott, og ikkje romantisk… noko bileta viser, håpar eg.

 

Ei stund køyrer vi ilag med ein galning i ein Toyota Corolla, som må ha stjelt både bil og bensin, og hverken Stian eller eg kunne trudd at denne bilen kunne gå såpass bra. Så vi forflytter oss langt på kort tid, og ikkje lenge etterpå passerer vi Embrun, der Tour de France sirkuset er i ferd med å flytte seg videre. Heldigvis er vi på veg i motsatt retning, men tempoet blir merkbart lågare ei stund.

Og med samtlege franske politikonstabler samla i denne byen (det ser sånn ut, sett frå Tigeren i alle fall) er dette neppe plassen å gladgasse på, nett i dag.

Like over klokka 9 stoppar vi på ein bensinstasjon i utkanten av Briancon, og hos undertegna er det berre lukta av bensin igjen på tanken. Så det var på høg  tid med ein stopp.

Etterpå drar vi inn i sentrum og etter litt leiting finn vi eit bakeri som har opna, og vi har oss ein bedre frukost. Kanskje den frukosten ikkje var heilt i Grete Roede sin ånd, men kven bryr seg. Ikkje to mannfolk som oss iallefall

«Sugar in the morning» har sjeldan vore betre J

Sjøl om frukosten var god, kastar vi ikkje vekk all verdens tid, og før klokka slår ti, er vi på hjul igjen.

Under frokosten har vi lagt inn Annecy som waypoint, og sidan vi har såpass god framdrift planlegger vi ein betre lunch der oppe.

Ruta vidare går vestover via skistaden Serre Chevalier og vidare mot Col de Galibier. Vegen oppover dalen er ikkje særskilt spennande, dette er rein transportetappe, men når vi tek av frå hovudvegen mot Grenoble og svingar høgre, nærmar vi oss Col de Galibier og moroa tek seg kraftig opp, med lange sveipande svingar, lite trafikk og noko som nærmer seg trivselsfart, slik Den Dynamiske Duo likar aller best.

Passet er eit av dei høgare på turen vår med 2654 mtr. Det går ein lysregulert tunell tvers igjennom fjellet, noko som gjør at vegen T901 er ein heilårsveg, men vi har nok av tunellar i Hardanger, så vi svingar oss oppover mot sjølve toppen.

Vi stoppar hist og her og tek eit bilde, utsikten er tvers igjennom fantastisk, vi skulle berre ønska at det var meir skyfritt, og at vi hadde hatt betre med tid. .

Men på toppen må eg ha eit bilete til fortellinga, og så er det nedoverbakke.

Ein LANG nedoverbakke, og sjølv om vi ikkje køyrer på idealtid nedover, tar det ein evighet før vi er framme i landsbyen Valloire. Her må vi ha ein pause, og sjå på utstillingen av skulpturar laga av høy (tørt gras)

Denne utstillinga har eg sett bilder av i reisefortellingar frå Route de Grande Alpes,  så vi tar oss tid til ein fotoseanse. Men snart etter er vi på tur igjen, vidare, nedover forbi Les Granges og mot landsbyen Saint Michelle de Maurienne.

Kort etter køyrer vi ut på ein motorveg, og vi køyrer forbi det fantastiske Col de Chaussy, som eg har sett avbilda utallige ganger på nettsider som omhandlar mc og sykkel i alpene. (Fekk ikkje tatt bilder her, så låner litt på Google)

Du ser motorvegen vi køyrde på langt der nede

Det vil sei, sjølve passet er ikkje så berømt, ei heller synleg frå motorvegen, men ein del av vegen som er meir eller mindre meisla inn i ei stupbratt kalksteinsklippe er «kjendisen» i området her.

Ein annan gong skal eg køyre opp her.  I dag har vi eit anna mål. Nemleg å kome seg så langt nord som mogleg.  I utgangspunktet hadde vi planlagt å overnatte i området rundt Annecy/Geneve, men no er vi jo allereie her, like ved Albertville, og klokka er berre litt forbi 12.

Det blir ein times tid med motorvegcruising, musikk på øret ( i dette tilfellet ei speleliste med mye David Bowie,  Queen og Bob Marley)

Ved Albertville tråkler vi oss gjennom trafikkmaskiner og rundkøyringar i fleng, før vi kjem oss ut på ein mindre veg mot Annecy. Snart etter cruisar vi nedover mot Lac de Annecy, samme vegen vi kom ned frå Charmonix, og samme vegen vi kom opp, den dagen vi køyrde vidare mot sør.

Stian får valget, om vi skal spise inne i sentrum, eller køyre opp til Col de La Forclaz (der eg køyrde over eit par gonger mens vi låg på hotel her ved innsjøen) og ete lunch der oppe i høgden. Sidan temperaturen er høg nok, velger han å ete oppe i høgden, så vi svinger inn på den smale vegen som snart etter slynger seg oppover mot passet, og restauranten La Pricaz. Er du i området, ta turen opp hit, og la deg blende av utsikta over innsjøen og nordover mot Annecy.

Vi parkerer, stripper av oss køyrejakka, og rusla opp til restauranten, der Stian på sitt vanlege vis bestiller hamburger uten alt, utan at den franske servitrisa skjønte så mye av det. Eg var ikkje så mykje meir oppfinnsom eg heller, og valgte Carnard «eitelleranna» (altså and med noko attåt)

Mens vi ventar på maten, tikkar det inn melding frå unge lovende Trond GV, ein kompis frå  MC-forumet.no. Han har vore på tur i alpene heilt aleine, no er han i Lanslebourg (der var vi for ei dryg veke sidan)

Han er lei av å køyre aleine, og har sett på Locatoweb’en at vi er på veg nordover, og lurer på om vi vil ha selskap.

Etter å ha advart han om at farten på autobahn kjem til å bli i høgste laget for hans einsylindra 650 kubikkar, blir vi einige om at vi køyrer til, og møtest ved grenseovergangen i Basel, der er eit lett gjennkjenneleg, gult shoppingsenter/restaurantkompleks som er bygd over motorvegen på sveitsisk side.

Han er einig, og legg i veg frå Lanslebourg. Stian og eg siktar oss inn på å overnatte eit lite stykke inn i Tyskland, i byen Fribourg. Men først må vi gjøre unna dei siste mila i Frankrike, så vi betaler for oss, saler opp og legg i veg nedover, og via litt morosame bakvegar og etterkvart noko som må være ein «riksveg» legg vi snart Annecy bak oss, og stålsetter oss for motorvegen som skal ta oss frå den fransk/sveitsiske grensa og opp til Hirtshals.

Motorveg er i utgangspunktet drit kjedeleg, men samtidig litt facinerande (i alle fall for meg, når eg køyrer med Stian)  Det å se at du i løpet av ein time eller to faktisk beveger deg over såpass avstand at det visar igjen på Europakartet, er litt kjekt, i alle fall når ønsket er å kome seg ei plass.

Vi har køyrd så mye i lag at begge veit når det er på tide med bensinfylling, mat/drikke eller toalettbesøk.

SÅ…. vi flyttar på oss, susar forbi Geneve, og i Lausanne svingar vi norover mot Bern, og i 17 tida svingar vi inn på ein bensinstasjon langsmed motorvegen. Fyller bensin, bestiller hotell i den tidligare nevnte tyske byen Fribourg, vi har kontakt med Trond som ikkje ligg særleg langt bak oss, og etter ein velfortjent iskrem, er det ut på asfalten igjen.

Trafikken er glissen og vi køyrer fortare ann vi normalt gjør, over fleire mil. Like veg ein liten by som heiter Payerne, tetnar det til med trafikk, og køen går i 60-70km/t.

Begge to nyttar vi høvet til litt ståande køyring for å kvile de smekre velforma rumpene våre, men når eg setter meg ned igjen, startar nedturen…

Oljelampen min lyser.. rødt og klart som bare det, så eg må bare komme meg vekk fra venstre fil for motoren har alt begynt å fuske litt… eg tråkler meg over i den mellomste fila og vidare over høyre fil blant vogntog og campingvogner, og ut på vegskuldra.

Stian henger heldigvis med ser eg, og når eg slår av tenninga der på vegskuldra, stoppar motoren momentat.

Det var det. Game Over

Fortvilelsen slår innover meg, litt fordi eg sitter her på autovernet langsmed ein sveitsisk motorveg, og min kjære StorTiger har fått eit alvorleg hjerteinnfarkt.

Men aller mest er eg fortvila og lei meg, for no kjem naboguten Bjarne (aka Mr. Wheelie) til å få god gli på kjeften sin, ja enda meir enn det han alltid har…

Han har jo ein langt framskreden Honda-fetisj, og nyttar kvar anledning til å gjøre meg oppmerksom på at dei lagar FORTSATT motorsyklar med god kvalitet, der borte i Japan. Dette kan bli i meste laget kjenner eg.

Det tar ikkje mange minutt før det kjem ei politipatrulje og sjekkar kva vi driv med, men sidan vi er heilt ok (bortsett fra ein ødelagt Tiger, og ovanfor nevnte bekymring vedr naboen) ønskar dei oss lykke til og køyrer vidare.

No har det ikkje kome ein einaste regndråpe på oss sidan vi var i Davos… men sjølvsagt. No kjem det STORE dråpar frå mørke skyer, dette går frå gale til verre.

Så var det å kome i kontakt med forsikringsselskapet, men midt i norsk fellesferie var det visst ikkje berre meg som trengte hjelp.

Etter dryge 45 minutt får vi kontakt, og det tok vel omtrent like lang tid å få operatøren i den andre enden til å forstå problemet, at eg befant meg i Sveits, og deretter finne posisjonen min. Ikkje den skarpaste kniven i skuffen han der, men etter å ha stava ordet S-V-E-I-T-S nokre gonger, skjønte han etterkvart at eg ikkje var i Noreg.  Men hjelp skulle komme.

Så vi venta.

Lenge.

Om du lurer på korleis du definerar «ein evighet», prøv å vent på bergingsbil i Sveits ein sommarkveld langsmed motorvegen, og du vil nærme deg svaret.

Etter ein dryg time ringte det ei dame frå ein eller annan hjelpesentral, ho var veldig blid og hjelpsom, men ho snakka berre fransk, og sveitsisk fransk er ikkje nett det samme som den pittevetle skule/restaurant-fransken eg har lært meg.

Med andre ord, eg skjønte ikkje eit kløyva ord (det betyr «ingenting» på bokmål) men eg innbildte meg at noko var på gang. Stian må snart kome seg avgårde mot Freiburg, så vi pakkar noko av bagasjen min, over på hans sykkel, noko småtteri tek eg med meg, og resten får bli med på sykkelen.

Når vi er ferdige med dette, kjem OMSIDER bergingsbilen, det er nok gått ca 3 timar sidan vi stoppa der på vegskuldra. Bergingsmannen er ein blid og serviceminded ung herremann, som heller ikkje kan eit ord engelsk eller tysk. Jaja, det løyser seg..  Vi får StorTigern opp på bergingsbilen, Stian hiver seg på KTMen, og etter eit ektefølt «Lykke til» drar han avgårde mot Fribourg.

Vår venn Trond GV hadde køyrd rett forbi oss der på motorvegen, vi såg han ikkje, og han såg oss akkurat idet han drog forbi…  Og no er han straks framme ved hotellet.

Eg derimot, byrjar på litt av ein heisatur.

Sveitsaren bablar i vei på fransken sin, og eg finner fram mobilen. (takk Gud for smarttelefonar)

Åpnar Google Translate appen, og skriv:

«Kjenner du noen som snakker engelsk, som kan oversette for oss»

Han lyser opp, «Oui Oui» og henter fram mobilen, ringer nokon, og bablar vidare på fransk. Men når han gjer meg mobilen, snakkar dei engelsk i andre enden. SÅ DEILIG!!

Eg blir forklart at sjåføren har ein garasje/verkstad der sykkelen er trygg til den blir henta, at han vil køyre meg til eit hotel i Payerne.

Okay, vi har altså ein plan. Eg forklarer at eg vil ha sykkelen til Noreg for reparasjon, og at det kan ta noko tid før den blir henta. Etter litt att og fram med telefonen, er vi einige, og eg roar meg ned nokre hakk.

Eg blir satt av ved eit hotell, og får meg eit rom til 99 Euro. Dette rommet ligg i toppetasjen, like under den fortsatt brennheite taksteinen. Rommet er utan air-condition, men eit takvindu finns, så eg slepper ut nokre av dei 40 varmegradene, tek meg ein  kald dusj, og legg meg under dyna.

Sender ein snap og to til Stian, men sovnar før dei rekk å svare.

Neste morgon er eg LYS våken i sekstida, eg er rastlaus og vil heim. Leiter opp noen flyruter, men ser det skal holde hardt å komme seg heim i dag, laurdag.

Eg må få tak i ein bag eller koffert til å ha køyreutstyret i, så eg tar meg ein spasertur før frokost, og heldigvis er sentrum av Payerne ikkje så stort. Men butikkane åpnar ikkje før i ti tida, noko som gjør at eg ikkje rekker nokon fly som kan ta meg til Bergen.

Jaja, tilbake til hotellet, spiser ein vaksen frukost og returnerer til ein skate-butikk eg såg hadde diverse reise-utstyr. Ein enorm North Face bag blir med til hotellet, og etter div. prøvepakking har eg fått det meste oppi, både hjelm, sko og køyreklær.

Tankveska får funke som håndbagasje, og vel fornøgd ruslar eg frå hotellet og over gata til jernbanestasjonen.

Her får eg kjøpt billett til Geneve Airport, og sidan vi er i Sveits, går toget sjølsagt nøyaktig på tid. Der sat eg medan toget tok meg til flyplassen, eg brukte ikkje lang tid på å finne ut at eg ikkje ville koma meg til Norge i dag.

Eg finner eit flott hotell like ved flyplassen, og leiter opp ein airport-shuttle(minibuss) som går i rutefart mellom dette hotellet og flyplassen.

Hotellet er enormt… og enormt flott. Det kostar 10 Euro meir enn hotellet i Payerne, men standarden er noko høgare for å sei det slik.

Så eg tar meg opp til rommet, tappar i badekaret og «raner» minibaren. Eit formiddagsbad med ein kald øl er ikkje å forrakte, og flybillettar blir bestilt til neste dag.

Etter ein svømmetur i bassenget i kjellaren, middag, og nokre fleire øl i baren, tar eg nok ein tidleg kveld.

Opp neste morgon, og rett til flyplassen. Jaddaaaaa, på flyplassen har nokon satt igjen ein mistenkeleg gjenstand, så alt er sperra av.  Kort fortalt blir vi eit par timar forsinka.

SÅ om bord i flyet, vi taxar ut mot rullebanen og skal til København. Like før vi når rullebana, blir det stopp. Lenge, minst ein halvtime. Det blir opplyst frå cockpit at de har «ein uønsket gjenstand» i flyet, og etter ei stund taxar vi vidare mot ein oppstillingsplass der det kjem til nokre bilar med uniformert og bevæpna personell. Eg må ha lov å sei at stemninga i flyet var noko spesiell i denne stunda. Men eit lettelsens sukk er svært så tydeleg ideg det blir opplyst om at den «uønska gjenstanden» var ein walkie talkie som ein bagasje-stuer hadde gløymt igjen.  Så etter å ha taxa tilbake til terminalbygget blir det å fuele opp igjen, og snart etter er vi på vei.

Det skal holde hardt å nå flyet fra København mot Gardermoen no.

Under innflyginga blir  vi informert om at flyet til Oslo også er litt forsinka, men det skal gå fra ein annan terminal enn den vi kommer inn på.  Selvfølgelig i stikk motsatt ende, så langt det går ann å komme på Kastrup.

Eg sørger for å være først ut av flyet, og springer som ein tulling, takk Gud for den som fann opp sånne rullebånd. Blodsmaken er ganske påtrengande idet eg runder inn på rett terminal, og eg rekker flyet med minste margin. Ikkje meir tull og faenskap no, ber eg inni meg.

Men eg ber nok litt for sjelden, er ute av trening.

På Gardermoen har dei nemlig eit «automatisk» fortollings-system som skal ordne bagasje som kjem utanlands frå, men i denne sommartrafikken er det hverken raskt eller effektivt. Eg rekker ikkje flyet mitt, og bagasjen er faktisk borte vekk. Etter mye om og men får eg booka om til eit seinare fly, dvs eg får «stand by» billett.

Går til gaten min, forklarer til den uniformerte ogpent utseende herremannen (som heilt klart ikkje bidrar til befolkningsveksten) eg har hatt ein hellvettes dag, og om han kan ordne plass til meg på flyet.

Han svarer med litt for lyst stemme at «ja da håper jeg helvette slutter her, for jeg har plass til deg på rad 2, om det er greit?»

Rad 2 betyr SAS+, litt meir beinplass, fri drikke og kanskje ei rolig stund?

To av tre fikk eg i alle fall, bak meg sitter ei enslig mor meg to unger som er heilt propell..

Men eg kommer til Bergen, og har 20 minutter frå flyet landar til snøggbåten går.

Får meldt bagasjen sakna, ringer snøggbåten og den kan vente i fire fem minutt. Ut i taxien, får ein framandkulturell sjåfør som ikkje har vidare forståing for begrepet «HASTAR» og «SÅ FORT SOM FAEN» og det sneglar seg avgårde mot Flesland kai. Men etter litt rygging pga ein møtande buss. (sjåføren ryggar endå dårligare enn han forstår norsk) er vi endeleg framme idet matrosen har starta med å dra inn landgangen, men eg får betalt for turen og stupar over landgangen og finn meg eit sete som eg meir eller mindre kollapsar oppi.

Fy FAEN for ein tur.

Men etter eittpar timar på båten, der eg etterkvart får tilbake noko som minnar om kvilepuls, er eg framme på Sunde i Kvinnherad. Der står Anne og ventar, og ENDELEG er eg nesten heime.

Kun 30 minutter i bil, så er vi på Heimdal igjen.

Det er alltid godt å koma heim, men DENNE kvelden seint i juli var heilt spesiell.

Ferien var over

 

Epilog:

To veker seinare kom StorTigeren til Sarpsborg, hos Alf Graarud Motor.

Det vart raskt påvist havarert veiv og veivlager, men Triumph ville ikkje ta skaden på garantien, sidan det stod eit uoriginalt oljefilter på sykkelen.

Eg hadde ikkje satt på noko uoriginalt oljefilter, så den einaste muligheten var verkstaden som tok 1000km service på StorTigeren.

På kvitteringen eg hadde, stod det at det var brukt eit originalfilter, men verkstaden bekrefta pr telefon at de nok hadde sett på ei anna, og det dei meinte var eit betre filter.

Vidare fekk eg veta at verkstaden ikkje tok på seg noko erstatningsansvar, med mindre det kunne bevisast at oljefilteret var årsaken til havariet.

Man kan sei at det gjekk ei kule varmt i hodet mitt, og eg ringte både advokathjelpen vi har gjennom medlemskapet i Industri/Energi og kompisar med ganske god peiling på forbrukerrett.

Men rådet eg fekk, var, gi dette noen dagar, og så ser vi åssen det går.

Og så, i slutten av august fikk eg beskjed at eg får ny motor på garantien.

20 september var eg og henta StorTigeren, og det var ein heilt annan sykkel.

Sannsynlig har den hatt ein liten defekt sidan den var ny, for den nye motoren var noko heilt anna enn den som havarerte.

Så tilslutt vart enden god. Men det tok sin tid, og eg mista to månader med køyring.

 

Takk for følget J

 

2 tanker om “Dannelsesreise i alpene 2017 – Ein følgjetong i mange delar – Episode åtte

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *