Dannelsesreise i alpene 2017 – Ein følgjetong i mange delar- Episode sju

Episode sju – Annecy til Montfort sur Argens.

 

Tidleg mandag morgon vaknar eg før klokka ringer, eg er SÅ klar for eventyret som ligg forran oss. Det er heller ikkje vanskeleg å få den andre halvparten ut av dyna, og før frukost er syklane ferdig rigga med bagasje og klare for avgang.  Men ein skikkelig frukost tar vi oss tid til, så litt over klokka 8 er hjelmane på, mobilen er satt opp med sporing via Locatoweb, og vi rullar ut frå parkeringsplassen og set nesa sørover. Først går turen tilbake i retning Charmonix , men etter ei bensinfylling i byen Ugine, svingar vi av mot sør, og køyrer atter ein gang over eit pass som heiter Col de Forclaz.  Det er mange plasser som heiter «Forclaz»  nedover her. Det er eigentleg eit relativt anonymt vegstykke, men terrenget stiger jevnt og trutt opp mot Courmet de Roselend, ein innsjø/kraftmagasin mellom Annecy og Bourg St. Maurice.

Her ved innsjøen må vi ha dagens første stopp/beinstrekk, og Stian har dagen første «ned på kne oppleving» medan Mette følger nøye med.

 

 

 

Vidare herfra stiger vegen oppover til «passet», men her på nordsia er det ikkje så mye hårnåler.

Det er eit nydeleg område, ikke superalpint slik det er rundt Charmonix. Landskapet er mye roligere og harmonisk… passar godt som oppvarming. Vi passerer toppen, og den samme karen står i den same salgsboda som sist.

Men no har vi nettopp spist frukost, så vi rullar vidare, ned alle dei laaange bakkane mot Bourg St Maurice. Vi møter ein og annan motorsyklist, men det er nok i tidligaste laget endå, for dei aller aller fleste. Tilslutt er vi nede i «storbyen» Bourg St Maurice, og vi følger skilta mot Val’diSere og Tignes. Oppover her var eg på skiferie i februar, så delar av vegen hugsar eg frå bussturen.

Her er det hårnåler så det klarer seg, men diverre er det eindel trafikk, også med lastebilar og anna tungtransport.  Det er vel ikkje så rart, det skjer nok alltid noko på byggefronten i Val di’Sere og Tignes. Skiområdet der er blant dei største og beste i verda, og dei fornyar seg fortløpande. Men allereie oppe ved demningen ved Tignes blir det mindre trafikk.

Tydeleg at det meste av tungtrafikken skal over demningen her, og opp i fjella.

Vi stoggar og tar ein beinstrekk og rumpekvil her over demningen, og snart etter får vi selskap av fleire motorsyklistar med  trong for å sjå på utsikten.

Utsikt oppover mot Val di Sere

Men vi (i alle fall eg) veit kva som ventar  lengre framme, så eg får piska gjengen på salen igjen og fortsetter mot Val di’Sere. Her er det pikadø like mye folk i gatene som det var i vinter, og langs vegen ser vi igjen den svære motorsykkelen vi såg i 2015. Men då stod den «parkert» ein annan stad, i San Bernardino passet, som ligg ovom byen Bourg St. Maurice, som vi passerte for litt sidan.

Men det tar ikkje så lange stunda før vi er forbi sentrum, og forsetter oppover mot ein liten landsby som ligg ovom hovudbyen. SÅ, plutselig blir veien smalare, trafikken er tørka vekk og vi er så godt som aleine. Sjølvsagt er syklistane på plass, og ein og annan motorsykkel ser vi også. Men bilar er det lite av. Vegen stig raskt oppover, og vi er i gang med ein av kronjuvelane i alpene..

 

Col de L’Iseran, på 2770 meter, det høgaste asfalterte passet i Europa. Det er aldeles storveges å køyra her i strålande solskinn, det er særs luftige partier oppover her, så eg slår av intercom’en slik at baksetet sine protestar om å stoppe utpå vegskuldra for å ta bileter, er til inga nytte. No er eg jo ikkje direkte ondskapsfull, så eg tar ikkje eingang halvparten så mange bilder som eg har lyst til. Men vi kjem oss til toppen, og her er det ikkje nett nokon overveldande varme.

Men vi tar litt bileter, kjøper klistremerke i kiosken, og er innom kafeen som er så godt så folketom. Men det er ikkje så rart med dei prisane dei opererer med. Vi er ikkje SÅ sultne endå, så vi gjør oss klar til å fortsette turen nedover på sørsida av passet. Fjella er høge, sjølv her frå kor vi står, og nedover i dalen under, blir dei beint fram ruvande. Som eg har skreve før, norske fjell og dalar er flotte, men dei blir små i forhold til dette.

Nedkøyringa kjennest nesten uendeleg lang ut, og vi rekk nesten å svelta i hjel, men etterkvart svingar vi oss nedover dei siste hårnålene til, Bonneval sur Arc, og vegen flatar ut.

Vegen nedover mot Lanslebourg er ganske anonym i dagens samanheng, men der skal vi definitivt ha ein betre lunsj.

Og slik blir det, vi parkerer omtrent i sentrum utanfor ein spisestad, som ser ut til å levere i forhold til oljesmurte nordmenns forventningar.

 

No var ikkje servicen den raskaste, men vi sit i det minste i skyggen og kosar oss. Når ein kommer såpass langt sør, syns eg at det beste med sola, er komforten ein får av å sitje i skyggen under ein parasoll.

Før vi får maten vi har bestillt, kjem servitøren med ei skål kald tomasuppe, Gaspatcho (eller noko slikt) kallas det. Dei andre smakar, men rynker litt på nasen, så det blei mykje kald tomatsuppe på skribenten.

Så kjem maten vi eigentleg ville ha, dei andre går stødig for hamburger og pizza, medan eg som vanleg køyrer på med sjømat, også denne gang i form av and. Men her kjem den i blåbærsaus. Og ein ting er heilt klart, and svømmer like godt i blåbærsaus som i appelsin eller bringebærsaus.

Vi er langt forbi «komfortabelt mette» når vi atter ein gang er klar til å køyre vidre. No skal vi venstre opp i lia aust for «sentrum». Medan vi spiste lunch sat eg og kikka opp i lia i retningen der vi skulle køyra. Col de Mont Cenis. Og det ligg ei slags skodde oppi der, men ligg heilt stabilt og med tanke på at det er så godt som skyfritt, synest eg det er litt rart.

Oppkøyringa til passet er som vanleg ein haug med svingar, men terrenget er slakare og langt mindre dramatisk enn det var opp (og ned) til Col de L’Iseran. Men vegen kryssar under skiheisar, og skiløyper kryssar under vegen. Tydeleg at det er eindel turisme her også…Og skodda ligg der like rolig, nesten som den ventar på oss. Så svinger vegen langsamt mot venstre, og plutseleg blir det kaldt.. kjempekaldt. Dvs, ikkje SÅ kaldt, men når temperaturen fell frå 27-28 grader nedi lia, til 15 grader her oppe, like under skodda, kjennest det helst litt småkaldt. Men med fingern i jorda… 15 grader var vel månadsbeste i juli, på vestlandet i år. Og grunnen til skodda og den lavare temperaturen må være den lange, djupe og heilt sikkert kalde innsjøen vi køyrer langs.

Straks nedanfor demninga på austsida av passet køyrer vi inn i Italia. Og køyreturen ned til ein landsby ved navn Susa blir ein merkeleg opplevelse, her har det nok vore aktivitet før i tida, men ALT vi køyrer forbi av hus og bygningar er forlatt, og bærer preg av å ha vore det lenge. Men vegen… kjære vene, den er strøken.  Prikkfri asfalt og midtstripe, mengder med deilige svingar og flott utsikt. Men så snart ein køyrer forbi eit hus, blir det heile litt merkeleg.  Ingen folk, men «verdens flottaste veg»

Skulle gjerne køyrd denne vegbiten i motsatt retning.. uten bagasje og passasjer. Men den sjansen byr seg gjerne ein annan gang. Og igjen, nedkøyringa tek «aldri» slutt, og i tillegg byrjar både min og Stian sin passasjer å gjespe, høgt, tydeleg og stadig oftare. Tilslutt har vi kome ned til Susa og forsatt i retning mot byen Bardonecchia og deretter svinga sørvestover mot Frankrike igjen.

I utkanten av ein liten tettstad finn vi ein Shellstasjon, der vi må inn og betale FØR vi fyller, og jentene finn seg ein skyggefull plett under ein diger busk. Og så blei det stille.

Stian og eg fyller opp syklane, Stian er sjølvsagt ned på kne og smører kjeda si,

Medan eg som har kardang på sykkelen, spiser ein is, drikk litt brus og kosar meg med synet av folk som jobbar. (Hardt arbeid har alltid facinert meg… eg kan sjå på i timevis utan å bli lei)

Vi ristar liv i jentene, som vaklar søvndrukne opp på syklane , og så tar vi retning av noko som liknar eit pass… i alle fall på kartet mitt. Vi passerer over grensa til Frankrike (atter ein gang)  langs ein slags golfbane som kallast Plan del Colle, og jentene vaknar til liv. Spesielt ho på baksetet mitt, for når fjellveggen reiser seg bratt opp framfor oss, får ho tilbake ordets makt.

«å herregud vi skal ikkje opp der sant??» «det går ikkje an å kjøre i ei sånn fjellside» «bare idiotar kan bygga vei der» osb osb.  Sjølv Otto Jespersen kunne ikkje lagd ein betre monolog om ting han ikkje er heilt nøgd med.

Men vi skal opp… og det viser seg at vegen opp til toppen ikkje er blant dei mest prioriterte, med tanke på vedlikehold. Ikkje er det så bratt og rått som det såg ut til frå nedsida heller, men det som ser ut som fartshumpar, er istaden ein slags dreneringsgrøft som leier regnvatn ut på utsida. Så «fartshumpen» er kanskje 25 cm på nedsida (der vi kjem frå) og sikkert 60 cm på oppsida. Så det blir ein artig «spretthopp» effekt når det viser seg at farten er ein tanke for høg.  Lengre oppe må eg ha ein stopp og ta bilder, og passasjeren protesterer på vanleg vis.  Og eg… eg lukker øyrene..på vanleg vis.

Plutseleg er vi oppe…. Det kjennest like «plutseleg» kvar gong. Og jammen hadde dette «passet» eit navn, Col de Echelle. 1778 mtr over havet.

No er det meir ein dal enn eit rått pass, men for ein nydeleg plass dette var. Eit skikkelig bonus-stykke med naturopplevelse, her kunne eg tenkt meg å hatt betre tid, telt og campingutstyr. Så neste gong… (merk deg at det blir mykje «neste gong» i denne forteljinga») skal eg villcampe oppi denne perla, sjølv om det visstnok er litt forbudt i Frankrike.

Her er det glissen lerkeskog, slette grasmarker, ein og annan bekk, og så asfaltvegen, som buktar seg gjennom dalen. Det blir ganske stille på intercom’en, alle er opptatt av å ta innover seg  kor fint det er her. Hist og her står det bilar og telt, så det er tydelig at det er fleire som tenker som meg.

Denne fine dalen munnar ut i ein annan dal, og vi treffer på ein større veg, som slenger seg langs med elva, og tilslutt blir det å følge D944 sørover mot den litt større byen ved navn Briancon.

På vegen ser vi fleire store middelalderborger, og rester etter gamle forsvarsverk.

Det er ingen tvil om at her har det vore mykje ufred gjennom århundra, på fjella som grensar mellom Italia og Frankrike er det forsvarsverk og vegar alle stader. Ein ser ingenting av det same på grensa mellom Sveits og Italia, eller Sveits og Frankrike.

I Briancon føreslår eg ein pause med is og brus, noko som vekker absolutt gehør hos dei andre i reisefølget. Vi slår oss til på ein utekafe, der det er ei real kjeftesmelle som regjerer grunnen.

«Vi vil gjerne ha cola og is» seier vi, men får grei beskjed om at «nei, dåkke vil ha PEPSI og is»

Greit greit greit, då blir det PEPSI og is, ikkje at det er den store forskjellen, godt var det uansett. Etterkvart ser eg at det er fleire av gjestene som får same behandlinga av kjeftesmella, men ho har også eit smil på lur. Ho er nok ikkje så sint og sur likevel. Når vi fortel at vi har køyrd heilt frå Norge, og at Briancon er ein vakker by, smeltar ho opp, og pratar bedre engelsk enn ho sikkert var klar over at ho kunne.

No var Briancon eigentleg tenkt som stopp for denne dagen, men det er litt tidleg å gje seg enno, det er alle einige om, så eg føreslår at vi køyrer til ein by som heiter Jausiers, då har vi ikkje all verdens etappe forran oss imorra-

No er det Col d’ Izoard som står for tur, forteller eg kjeftesmella, men eg klussar nok litt med uttalen for ho rettar meg, det uttales «Kåll de Lizoar» og ikkje det som eg prøvde å uttale. Men ho blir svært begeistra over at vi skal opp til Col d’ Izoard, det er ifølge denne dama det flottaste passet i HEILE Frankrike!!

Jaja tenker eg… det er jo nokre bra pass å samanlikna med, så dette lovar bra. (eg har ikkje lest meg opp på dette passet, så eg er ganske blank)

Briancon er startpunkt for torsdagens etappe av Tour de France, og det skal vise seg at målgangen på etappen, er på toppen av nettopp Izoard. Spennande… men det betyr mykje vegsperringar og omkøyringar i sentrum av Briancon, så vi brukar litt tid på å komme oss ut på landevegen opp mot passet.

Det er ikkje nett kjølig, no er vi komne ned til området som kallas Provence Alpes d’ Cote Azur… og du høyrer ikkje lyden av klaprande tenner når du tenker på «Provence» og «Cote Azur»

Vegen stig sjølvsagt opp opp opp, og etterkvart tek det form av ein real oppstigning, mengder av svingar og desse kan køyrast med litt fart og nedlegg slik vi MCfolk likar best J Her er ikkje passasjer og opp-pakning av nevneverdig betydning, farten er høg nok til at vi har ein drømmeaktig flyt i køyringa, til og med baksetet let vèl. «hmmmm, var det Pepsi eller noko anna i det ho drakk nedi byen???»

 

Jau, så langt skal eg gje ho rett… den kjeftesmella på kafeen veit visst kva slike karar likar best. Ikkje er det så mykje trafikk heller, men på toppen… der er det litt meir folk. Siste stykket opp mot toppen får vi ein smakebit på den spesielle naturen her, og det er bare vakkert. Det er mykje WOW faktor her.

Sidan det skal være målgang her på torsdag er mykje av området avsperra, men vi klarer å finne parkering til syklane.

Så spring vi litt rundt i området og kikkar, eg tar masse bilder, for dette var utruleg flott.

Anne er i kiosken og sikrar seg eit klistremerke til,  medan eg står og ser at himmelen i nord skyar raskt over, og blir mørkare og mørkare. Det var meldt ettermiddagsbyger i området, så eg blir bittelitt uroleg.

Heldigvis har eg ryggen mot sør (den retninga vi skal) så når eg snur meg for å gå til sykkelen får eg ei gledeleg overrasking.

Fortsatt skyfritt… trur ikkje vi blir våte i dag nei.

Opp på syklane, og så rullar vi nedover. Vegen er vaska og rydda, og deretter gjerda inn før torsdagens etappe. Vi stoggar jevnt og trutt nedover og tek bilder, her er mye fotomateriale.

 

Lengre ned blir det fleire overraskingar. I hopetal står det bubilar og anna campingmateriell på UTSIDA av sperringane. Eg kan knapt tru mine eigne lyseblå. Dei har vore her i fleire dagar, og enda er det ei halv veke til syklistane passerar på torsdag ettermiddag. Vi stoggar jamnleg og tek bileter, dette er ein attraksjon av begrensa varighet. Humøret er på topp, vi blir mellom anna vinka inn på ein liten dram, men det har vi hverken lyst på, eller tid til.

Nedkjøringa her er LANG, og den er også  stundom aldeles sinnsvakt bratt, så eg er ikkje i ein augneblinks tvil om at dette må være ein av dei åtte klatreetappane i årets Tour. Heldigvis er vår Tour av det meir behagelige slaget, til tross for at vi stundom får litt tresmak i baken. Men i dag har det ikkje vore for mykje av det, bare fantastiske vegar og naturopplevelsar heile dagen.

Og vi fortsett nedover…. Mens vi hadde is-pause hos kjeftesmella i Briancon bestilte vi rom på eit hotel i Jausiers. Dit er det no ca 12 mil, og ein byrjar beint fram å bli litt øl-tørst i varmen. Men endå er det laaaangt ned i dalen nedom passet, men til slutt så flatar det ut ei lita stund, før det stig jamnt og trutt endå ein gong.

«Herregud, endå eit pass???» kjem det frå den vantru passasjeren.

«Ja men eg visste ikkje— eg har bare plotta inn kortaste vegen til hotellet, eg» svarar eg

#lygekors

«det er no faen så rart at alle de raskaste og kortaste veiane her i alpene går over ein million pass» svarar det frå baksetet.

«Ja det er kjemperart… men Jesus gikk på vatnet, og han gjorde vann til vin. Det er rart det også.. men folk var begeistra» svarar eg med mi beste og mest overbevisande stemme

«HHHMMMFFFF»  svarar baksetet, og heldigvis har ho ikkje fleire argument i denne omgang.

Jesus trumfer alt. Så veit vi det!

Men vi skal som vanleg oppover. Her i sør er det meir brunsvidde bakkar enn grøne enger, og ikkje så mykje tett skog. Så det er god utsikt oppover lia over landsbyen Guillestre.

Vi har tatt fatt på det som skal visa seg å kallast Col de Vars, som også er ein del av torsdagens etappe i Tour’en, og dei lokale sneglespisarane har flotta seg med masse ny asfalt, så vegen er neste FOR fin for slike syklar som vi har.

Bilde fra Google:

Dette er ikkje eit slikt vilt og høgalpint pass som vi har kjørt før i dag. Lange sveipande svingar oppover og oppover, før det flatar ut og byrjar å gå nedover igjen. Vi passerar forbi den obligatoriske serveringsstaden her, som sikkert livnærer seg på syklistar og motorsyklistar…

deretter rullar vi over sjølve toppen, og tar fatt på nedturen. (bokstavelig, og ikkje billedlig meint)

Dette er ingen nedtur i ordets rette forstand, men no er vel heile reisefølget eigentleg såpass øltørste at vi er «ferdig» for dagen. Det har vore ein sansemessig overbelastning på systemet, med all den flotte naturen, luktene, kreftene i svingane og ja.. det var ein enkelt sagt ein stor dag. Det siste strekket ned mot Jausiers har meir eller mindre gått i gløymeboka, og det betyr vel i praksis at det ikkje var stort å skriva heim om.

Vel framme i Jausiers leitar vi opp Villa Morelia (høyres ikkje det flott ut?), men først insisterer GPSen på ein tur gjennom gågata i den vesle byen. Stian får avverga katastrofen, og straks etter finn vi Villa Morelis. Og jauda, om namnet var flott, var bygget/området minst like bra. Minst.

Vi er nesten lamslått… steike dette var stilig, med ein lang allè opp til «villaen» og det tilhøyrande annekset. Og hagen/parken bakom, med basseng og jaccuzi er bare utrulig flott.

Vi sjekkar inn, Stian og Mette får eit rom i den «gamle» villaen medan Anne og eg får rom i det kjempeflotte nyare annekset. Vi avtalar å møtast i hagen (vi ringer kvarandre fra doskåla)

for ein duggfrisk om 30 min (akkurat nok tid til ein dusj, klesbytte, pålogging av wifien og den vanlege oppdateringa til omverda.)

Men når vi set oss ned i ein salong ute i hagen der, syns vi det blir litt proletarisk med øl i slike omgivelsar. Vi (i alle fall Anne og eg) er einige i at det passar betre med litt sprudlande i glasa før vi går til landsbyen for ein matbit. Og her kjem servitøren på sjølv den minste oppfordring, med akkurat det du ber om, slik vi likar det best.

Så der sit vi nesten aleine i den digre hagen, kun ein einsleg kar sit på nabobordet. Og plutselig sprekker han opp i eit stort smil og henvender seg:

«Unnskyld meg, er dere fra Norge?»  Noko vi ikkje akkurat kan nekta på, og etterkvart viser det seg at det er ein familemann som har vore på ferie med kone og barn i Italia, og no har dei reist heim med fly, medan han har med sykkelen, og reiser fra pass til pass og syklar dei etter tur mot nord.

Ein sånn sjølvplagar med andre ord (tenkjer eg inni meg) men han forteller at han sykla Col de La Bonnette dagen føre. Det viser seg at han har god greie på mykje forskjellig, bla jobben til Stian og meg, på riggen der vi jobba, og på reiseruta vidare sørover. Men etter ei stund er sulten vorte større enn pratesjuka, så vi takkar for praten, og ruslar inn til sentrum. Vi får både øl og pizza på ein lokal restaurant, og klientellet er særs internasjonalt og prega av folk som er på ferie med to hjul.

Vi sjekkar litt på ruta for neste dag, sjølvsagt skal vi opp, og over Col de La Bonnette. Dette er den høgaste asfalterte vegen i Europa (jadda eg veit at eg skreiv at Col de L’Iseran var det høgaste asfalterte passet… eg kjem tilbake til det)

Så vel tilbake på rommet, plottar eg ruta for morgondagen, og legger inn på GPSen og det ser ut til at vi bare har 25 mil å køyre. Deilig.

Vi trenger ikkje være grytidlig oppe i morra. Lang frukost, og ikkje så seint framme i Montfort.

Dette vekker stor åtgaum ved frukostbordet neste morgon, og stemninga er høg blant passasjerane med «sydenfeber» når vi står og pakkar på syklane ei lita stund etterpå. Det er meldt nokre dråpar med regn i området i løpet av dagen, så morgonen er ikkje like skyfri som den var i går, men det er godt og varmt, og vi skal opp i høgden. Faktisk skal vi opp i 2800 mtr og vel så det.

Men det byrjar rolig,  i starten passerar vi fleire små landsbyar, men lengre oppe blir det bare glissen skog, og etterkvart er vi over tregrensa.

Gamle forsvarsverk ligg langs vegen, dei er avsperra med høge gjerde så vi får ikkje tatt ein kikk, slik vi har lyst. Borti fjellsida har dei laga to stjerner, men eg anar ikkje bakgrunnen for desse. Men mykje vakker natur er det oppover her, du må bare ta turen og sjå sjølv.

Til slutt nærmer vi oss toppen. Og nettopp toppen ja… den er spesiell. Sjølve passet Col de La Bonnette er LITT lavare ann Col de L’Iseran. Men ein eller annan sjef i denne regionen (Haute Alpes) fann ut at DEI skulle ha ein høgare veg, enn «rivalen» Region Hautes Savoie. Så dei laga ein asfaltert veg opp til og rundt toppen (Cime de la Bonnette), og ned igjen i passet. Og vipps, var Europas høgaste asfalterte veg på 2803 mtr til Cime de La Bonnette, eit faktum. Og sjølvsagt skal vi opp og over denne toppen. Her MÅ vi bare ta eit bilde av alle i hop, men når vi rundar rundt siste svingen og ser toppen, vert eg reint skremt. Her kjem ei sky sigande inn frå aust, og DET var ikkje inne i planen min. Eg hadde tenkt at det skulle skye til ETTER at vi hadde køyrd vidare. Så frekt!

Men det skulle vise seg at det gikk bra. I alle fall på toppen. Skya legg seg til like over hovudet på oss, så vi beholder utsikten. Vi får tatt dei bileta vi vil ha, og så køyrer vi nedover.

 

Då oppdager vi at ruteplanleggaren vår har spelt oss eit lite puss. Den vegen som GPSen føreslår er ned ein STUPbratt bakke, og den er definitivt ikkje asfaltert. Det er meir to grove hjulspor, og tanken på køyre ned her med passasjer på baksetet, er ikkje mykje tiltalande. Faktisk, det er ikkje eingang eit alternativ.

Litt slukøyra må vi innsjå at denne snarvegen er umulig, og at vi pådreg oss 10-12 mil ekstra.

25 milsetappen har brått vorten på 37. Det var meir enn forventa, og det er berre å koma seg i veg. Vi rullar avgårde og forsetter nedover den offisielle asfalterte grusvegen forbi ein forlatt og forfallen landsby, som no gjennomgår ei omfattande renovering.

Denne landsbyen eller leiren (Camp des Fouges) har nok spelt ei rolle saman med andre gamle forsvarsverk oppi fjellsidene her, dette var ein leir for alpine jegertroppar, og bygginga vart starta opp i 1890åra, og heldt fram til byrjinga av 1900talet. Det er ikkje kjent at her har vore kamphandlingar, så ruinene er kun eit resultat at tidens tann gjør jobben sin.

Bilde frå Google

Det må ha vore tøffe tak for dei karane som overvintra her oppe på drygt 2500 moh.

Renoveringa vart påbegynt i fjor (2016), og det er planar om å etablere eit vertshus og souvenirbutikk i nokre av bygningane.

Dagens historielekse det der altså. Eg gløymde meg vekk littegrann.

No er det unnabakke for alle pengane, her er det også langt ned , både langs vegen, og om ein skulle vera uheldig og havne på utsida av asfalten. Det blir jevnlige stopp pga store mengder sauer i vegen, men vi lar oss ikkje stressa, for den tidlige ankomsten til Montfort gikk nyleg litt i dass… det får ta den tida det treng.

Vi passerer nokre vertshus langt nedi bakkane, og tilslutt flatar vegen ut og følgjer ei blågrøn elv nedover Tinèe Valleè i retning sør, søraustover.

Eit stykke av vegen er det som vert kalla ein «balkong veg», det vil seie at den er hogd meir eller mindre rett inn i fjellsida, med ei kløft eller stup på utsida.

Bilde frå Google – typisk «balkongveg»

Her er det sjølvsagt eindel bilar, for trafikken går sakte, så vi får goood tid til å studera utsikten. Det vil sei, EG har god tid. Baksetet gjer grei beskjed om at: «eg åpne ikkje augene før vi er forbi… du får gi beskjed»

Eg tenker inni meg:

«er det greit du ikkje åpner munnen også?… eg skal gi beskjed når du kan åpne den igjen»

men eg har såpass lang erfaring som kjæreste, at livsviljen min set ein stoppar for orda, før dei vert uttalt. Sikkert lika greit.

No varte ikkje denne vegstrekningen så veldig langt, så ho får åpna augo igjen etter nokre minutt.

Vi passerer skistaden Isola, og vegen svinger meir mot sør. Brått så skal vi køyre av hovudvegen mot Nice, og inn på bygdavegen M30 mot Col de La Couillole, og vegen byrjar stige med det same.

« er dette endå eit pass?» kjem det over intercom’en..

«Ja det er vel det, når det heiter noe med Col» svarer eg.

«Er det heilt umulig å kjøra her nede uten å kjøre pass»?

«Jammen… vi kjørte jo pass i går. Du syns det var kjekt i går oppover Col d’ Izoard»

«Det var i går det…. «

Veien oppover er smal og nokså kronglete, og overraskende lang, før vi ankommer sjølve «passet». Det er hverken bratt eller spektakulært, og ikkje er det andre turister å sjå heller.

Tydeligvis er det eit slags langrennsstadion eller noe sånt oppå her, det er mykje parkeringsplassar, og sikkert vesentleg meir besøkt når snøen ligg. Eit vertshus høyrer sjølvsagt med, men det er ikkje åpent i dag.

Vi fortset nedover på andre sia og tar etter kvart til høgre i ein landsby som eg trur heiter La Beuil.

Vi er fortsatt på Route de Grandes Alpes, men det er heilt tydeleg at vi er litt utanfor den vanlege trafikkstraumen no. Turen går vidare gjennom skistaden Valberg, som nok er meir ein familieplass enn eit ekstremski eldorado.

Etter Valberg rundar vi rundt og over fjellet, og byrjar nedstigninga mot Guillaume, ein liten landsby der vi stoppar for å ta lunch.  Vi køyrer nedover ei fjellside og har god utsikt sørover i den retningen ruta går, og vi skjønar at det endå er nokre mil igjen før vi kan hoppe i bassenget i Montfort

Men først ein liten lunch, vi finn parkering og tar ein kjapp matbit, før vi fortsetter nedover mot flatlandet i Provence.

No trur eg inni meg at det aller meste av pass er over for i dag, men det manglar ikkje på spektakulær natur og flotte opplevingar av den grunn. Langt i frå.

No nærmar vi oss turen sin første «Gorge» eller kløft. Og då snakkar vi ikkje om eit lite hakk i terrenget, nei dette er eit realt langsgåande juv som kallast Gorges du Daluis.

Det tar ikkje lang tid før elva vi kjører langs, forsvinner ned i eit juv og vi fortsetter langs ein fantastisk «balkongveg» oppi fjellsida. Ein annan ting som fascinerar oss, er fargen på fjellet. Det er burgunderraudt, aldeles intenst. Vi såg noko liknanende før i dag på veg opp til Col de La Couilloe, men ikkje sånn som dette.

Og det som er artig og facinerande, er korleis dei har lagt vegen. I den retningen vi kjem frå, har dei laga tunellar, som tar ein køyreretning. Medan trafikken som kjem i motsatt retning ikkje køyrer tunnell, men svingar rundt bergknausar og gjer eit særs luftig utsyn over kløfta nede på venstre hand.

«åååhh eg er glad vi kjøre denna vegen» kjem det fra baksetet… og ikkje før har ho sagt det, så gjør Stian ein U-sving og kjem i mot oss. «Vi må jo sjå på usikta» kjem det over intercom’en, og det er eg sjølvsagt enig i. Eg presterer ein slags U-sving til tross for at passasjeren kjempar imot. Ute på kanten av stupet knipsar eg nokre bilder og har ei fin stund med utsikt og åtgaum. Dessverre verkar det som om at passasjeren ikkje er like komfortabel med situasjonen,  så eg lar være å parkere og gå av sykkelen. Vi fortsetter i retning sør, mot Montfort og badebassenget til Marianne og Rune.

Temperaturen har passert 35 grader, og det er ikkje nett kaldt inni kjøredressane våre.

Vi nærmar oss innsjøen ved St. Andre, men istaden for å svinge venstre mot Lac St. Croix fortsetter Stian rett fram mot St. Andre. Eg ligg bak, og nett då hadde vi ikkje kobla intercom’en saman. Til tross for høglydte protestar frå baksetet, drar eg forbi trønder’n på Trunkenpolz’en og signaliserer at han må koble oss opp på intercom’en. Han er snart tom for bensin og køyrer til nærmaste bensinstasjon. Greit nok, syns eg, det betyr at det blir kald leskedrikke på meg også.  Det er kun 8 km og så får syklane påfyll, medan Anne er og kjøper skikkelig cola og ikkje dette Tab Extra skvipet.

Så er det tilbake langsmed innsjøen Lac de Castillon , og her må ein bare ta nokre bileter:

 

Men vi stoppar ikkje lenge, kort tid etter, er vi på veg vidare, og fortsetter ned mot Gorges du Verdon. Her er terrenget om mulig enda råare, med høgare stup på venstre sida og like stupbratte lange fjellsider på oppsida, og temperaturen ligg på gode 38 grader. Trafikken har vorte noko tettare, så å stoppa for å ta bilder, er ikkje berre enkelt. Ikkje at det freistar så mykje heller i denne varmen. Men i landsbyen La Palud sur Verdon må vi stå i ro på raudt lys, og det er nesten varmare enn kva godt er. Eg likar ikkje å køyre utan hanskar men no MÅ dei av før eg kovnar (besvimer) i varmen.

Etter landsbyen fortsetter den utrulege vegen langs Europas største kløft, det er ikkje for ingenting den blir kalla «The Grand Canyon» på nynorsk. Utsikta er fantastisk, og jo lengre sør vi kjem jo betre blir det. Snart glitrar det i den turkisblå/grønne innsjøen La de St Croix langt der nede.

 

 

Og snart etter er vegen inne i eit litt roligare terreng og slyngar seg nedover til innsjøen.

Vel nede stoggar vi ved brua, der elva renn inn i innsjøen, frå sjølve Gorges de Verdon. MENGDER med turistar har leigd seg alle slags rare båtar, og nyter denne fantastiske naturopplevelsen innover i kløfta.

Vi er nøgde med ein spasertur på brua for å sjå på, men vi er snart ved målet for dagen. Så vi stig opp på syklane for siste gang i dag og sett i veg mot MontFort, der ventar kaldt øl og ein svømmetur.

Denne vegbiten har Anne og eg køyrd fleire gonger før, og no er vi ute på flatlandet i Provence. Så til og byrje med går det unna i god fart over dei nesten endelause rettstrekkene nedover mot byen Aups, og derfra i retning ein annan større prikk på kartet som heiter Contignac. Etter Aups er det bittelitt kupert nedover, så vi får svinga oss litt før vi er framme. Og stundom får vi litt utsikt også mot sør. Foreløpig er vi for langt vekke til å sjå middelhavet, men vi (eller i alle fall eg) veit retninga.

Dei siste kilometrane er vi godt kjent med, forbi Sparbutikken, forbi den flotte restauranten uti vinåkeren

der vi spiste for nokre år sidan, bensinstasjonen.. og VIPPS… der er veien inn til landsbyen MontFort sur Argens. Marianne står allereie uti gata og vinkar, og Rune er rett rundt hjørna.

Vi får ei varm mottaking, og då meiner eg ikkje temperaturen. Syklane vert parkert, koffertane hekta av og tatt med inn (her skal det vaskast klær og organiserast på nytt, og DER kjem Rune med doggfriske små grøne flasker. Dei blir innhalert og panta med det same, i dag skal det ikkje køyrast meir sykkel. Eg set meg i skyggen med beina i bassenget, og ser på guttungen (ja Stian, yngstemann) gjør seg klar til å ta bomba.

 

Og jaudå, han var riktig flink. Rett nok så gløymde han armringane sine, men han berga seg i land og held meg, (og dei små grøne med dogg på) med selskap.

Ved veis ende altså.. det kjennes nesten litt rart… lengre enn dette skal ikkje damene være med.

Eg veit eg skal ha meg ein tur til sjøen for å bade, men det skjer ikkje i dag, og «baksetet» har alt signalisert med tåkelur at ho blir ikkje med. Men Stian.. han blir med sjølvsagt. Så kansje imorra.. køyrer vi på dagstur til St. Tropez.

Etterkvart byrjar luktene av lammekjøt med franske urter å breie seg over hagen, og brått vert vi svoltne att. Men no har eg fortalt såpass mykje om maten på turen, at dette skal eg spare dykk lesarar for i kveld. Men det var sjølvsagt himmelsk bra.

Takk for turen….

Neste (og siste) episode tek for seg late dager i Provence, bading i middelhavet, og ikkje minst heimvegen, som ikkje blei nett slik eg hadde tenkt.

Stay tuned for siste episode

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *