Et eventyr i øst, Del 3. Den lange vegen heim

Grustreffet- del 3.

Sundag morgon vakna eg tidleg av taktfast snorking frå nabotelta, så ca kl 7 var eg på beina og begynte å rigge ned leiren min. Så stille eg kunne (for ikkje å vekke murmeldyra i naboteltet) havna etterkvart telt, sovepose liggeunderlag og anna campingutstyr oppi, og oppå pakkboksane. Like før eg var klar fikk eg litt selskap av andre deltakarar som var tidlig på beina ca klokka 0830 rulla eg frå «Leiren» og nedover mot sivilisasjonen.

Det var overskya, fuktig og kjølig, og eg var både svolten og tysst.

Eg ville ikkje romstera og bråke på kjøkenet med frukostlaging, og dermed vekka dei andre som endå låg,
og fekk den søvnen som skulle til, for å halda dei gåande (eller køyrande) heile vegen heim.
Det var nok ein mindre problem for Palma enn for til dømes Snikkeren (som tross alt allereie var vaken når eg fòr)
Soleis kom eg etterkvart til Esso’en på Kirkenær, og forsynte meg med både bensin, pylse i brød og iste. Og før klokka 09 var eg avgarde. Med GPSen innsteld på «svingete veg» tok det si tid oppover mot Mjøsbrua, då eg valde å køyre den vegen, framføre å liggja på motorvegen til, og forbi Oslo og vidare heim. Den var nok heilt sikkert ein snøggare veg, men kva hjelper det om den sparar deg for ein time, når ein kan døy av keisamheit på vegen?
Så altså.. mot Mjøsbrua på svingete veg, men eg fann raskt ut at «svingete veg» langs Mjøsa ikkje er det same som svingete veg i Hardanger.
So for ei stund velger eg å følge riks og Europavegen oppover til, og sjølvsagt over brua. MEN, straks eg er komen over på vestsia, blir det knoting på GPSen.
Velger igjen svingete veg, og etter 500 meter seier dama at eg skal svinge høgre, rett frå Rv 4 til ein grusveg i retning Snertingdal. Vegen tar meg opp i åsen, så eg får raskt eit utsyn mot Toten og Mjøsa.
Bilde
Så krusar eg langs asfalten i Snertingdal, og tar ein tur over Øvre Snertingdal på grus, der eg helsar på syster til Sauen Shaun og borna hennar
Bilde
Det var ein blanda oppleving å køyre over her i Øvre Snertingdal, gardsbruka ser forfalne ut og der er ingen folk å sjå. Men utsikt og idyll for øvrig, er det ingenting å sei på.

Bilde

Grå skyer og flatt lys pregar dagen, der blir ikkje noko skikkeleg fotolys, men eg er likevel nøgd så lenge det ikkje regnar.
Etterkvart kjem eg til Dokka og stoggar eit bel på bensinstasjonen der, gjer Gamleguten det han treng, og fyller litt mat i magen min også.
Men forskjellen på gårsdagen lønsj i Tvellen, og dagen lønsj på Dokka kunne ikkje vore større. For mens vi i går kunne meske oss med villsvin og gode saker, fyller eg i dag magen med wienerpylse og potemos frå Esso’en her på Dokka. Føyyyyy :-#
Lengre vest mot Ådalen ser det fælt grått ut, og eg nyttar høvet til å kle på meg regnbuksa mens eg enda står i ro, og det er tørt på bakken. Jakka venter eg med, den er uansett så rask å kle på seg, at det tar eg når det verkeleg regnar.
SO… rullar eg vidare, opp i fjellsida på nordsia av dalen. Her går det ein veg, eller rettare sagt ein orgie i svingar, og her har det faktisk regna i nyare tid. Men over her har eg so absolutt lyst å køyre med asfaltdekk, og på tørt underlag. Etterkvart er eg tilbake på Rv33 og etter ei lita stund er det på tide å svinge venstre, i retning Høljerast. Hmmm, det høyrest kjent ut, og etter ein sjekk i paragliderarkivet mitt, viser det seg at eg har vore her oppe og flydd paraglider for mange år sidan. MANGE mange år sidan :-s
Vegen over her er grusdekka, men den er hardkøyrd og fin, her kan ein køyre med alle slags syklar.
Trur eg tok dette bildet over her, før vegen byrja å gå nedover mot Bagn i Ådalen.
Bilde
Men det blei noen fine kilometer her oppe i høyden, med utsikt og frisk luft.
So gjekk ruta ned til Bagn, under E16 og opp igjen på andre sia av dalen, mot Golsfjellet. Eg rullar sakte avgårde på bygdavegen, oppover mot Rv51 over Golsfjellet. Hmmmm det betyr maaaaange kilometer på asfalt, og det kjenner eg etterkvart er slitsamt, men eg har ein følelse av at det finnast andre moglegheiter… så eg stoggar ved ein benk i vegkanten, og knottar på både telefon og GPS.
Og langt bak i hovudet har eg hatt rett. Det er mogleg å køyre over til Hallingdal på grus, men eg er litt usikker på nøyaktig KOR vegen går. Så eg må leite litt, og etter å ha snakka med ein eldre kar som lufter bikkja, durer eg avgårde på rett villspor. Ned forbi Reinli stavkyrkje og oppover noe eg trur kall’ast Islandsvegen.
Finner ein bom med betaling, men ikkje har eg kontanter, og ikkje har dei nokon sum for MC heller. Så då er vi einige med me’ d meg sjølv, om at dette er gratis. Så oppover…oppover og oppover, ender opp ved ein ny bom, her det 50 kr å betale men den vil ikkje ha bankkortet mitt. Og mynter har eg ikkje.. men det kjem ein hytteeigar som kjenner problemet, og han sier eg bare kan kjøre inn sammen med han.
Dao blir det sånn, og innover mot Eivindsæter kan XTZen be’rre strekke ut alle dei 48 hestane sine på flotte grusveg’ r.
No er eg på heilt ukjend grunn, og køyrer utelukkande på GPSen. Når ein ser på kartet, er ve’gfsystemet like strukturert som ei panne med spagetti. Då er det godt at dama i GPSen har kontroll. Eg må imidlertid ha trykke litt i ørska, for planen var å komme ned ved Herad i H’allingdal, straks nedanfor Gol. Men etter ei stund kjem eg til eit vegkryss», der det er Nes i Ådalen til venstre, og Nesbyen til høgre.
Hmmmm, dette er i alle fall ikkje heilt rett. Men eg har jo tilbrakt vekevis i ei hytte like ved Nes i Ådalen i fjor haust, då eg var å jobba på Busariket. Dit har eg ikkje tenkt meg no i alle fall. Så då er det Nesbyen som gjeld.
Køyrer vidare og vidare i eit spredd hyttefelt, og det er ikkje mykje folk å sjå her oppe ein sundags ettermiddag
BildeEtterkvart byrjar det å gå nedover og tilslutt endar eg opp på Nesbyen.
Då blir det å køyre over Tunhovd og langs Pålsbufjorden til Geilo. Eigentleg ein kjedelig veg..eller kanskje ‘normalt ikkje, men no skjønar eg at grusvegane er over for denne gong, og det er asfalt heile vegen heim. Og då er det berre å stålsette seg for den ultimate vibrasjons»terapi» :shock:
Langs Pålsbufjorden er det fjerna mykje skog slik at utsyn og «fridomskjennsla» har fått eit realt løft. Tidligare var her berre høge slanke furulegger å sjå når ein glei forbi på Sportstoureren sin.
Etter Pålsbufjorden kjem Skurdalen, Kikut med sine mangemillionkronershytter og deretter er eg på Geilo. Her lyt eg ha ei pylse i brød, og når eg gjer meg klar til å køyre, dukkar det opp ein tysker på ein Triumph Explorer XCA.
Denne sykkelen (og mannen som køyrer også, for den del) er så Turatekkifisert at det nesten ser litt åndsvakt ut. No er vel ikkje akkurat en spesielt dårleg utrusta frå produsenten si side, men han karen har har nok kjøpt ALT i den katalogen som kan festas på ein Explorer.
Når det så dukkar opp ein eplekjekk Bergensar med GSA’ og tom tank, og han tømer nesten tankane under bakken for 95 oktan, før han kjem over og slår av ein prat.
Tyskaren har ei imponerande kunnskap om flotte vegar å køyre her til lands, noko eg let imponere over, og Bergensaren irritere seg over. (Han likar åpenbart ikkje at andre har meir kunne enn han)
Det blir nesten litt amper stemning der, før eg sier takk for meg og køyrer i vesterled.

No er eg komen i «rett heim stemning» og det blir ingen stopp korkje for å ta bilete, fylle bensin eller strekke på beina (det gjer eg jo medan eg står og køyrer)
So dryge 2,5 timar seinare står eg på tunet på Heimdal og får beskjed om at maten er klar. Heldigvis er dette mat som kan vente litt, for eg veit, at om eg eter fyrst so blir det inga råd med å pakka av Gamlegutten etterpå.
Men ein halvtimes tid seinare er eg klar, og får servert denne ertesuppa som det etterkvart går gjetord om i 7 sokn.
Og sidan eg er slik ein gild kar, fekk eg servert desserten seinare på kvelden ;-) Men DET kjem i del 4 :-P

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *